Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.


Sesongpremiere i arboretet

Sesongpremiere i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mai 2011

I dag er det sesongpremiere i arboretet. Kl 12 opnar porten for publikum, og sjølvsagt kafeteriaen der Toril Redalen kan servere ein godbilt til kaffeen. Det har vore travle dagar den siste tida, og staben har jobba på spreng for å få alt kalrt til opninga, fortel Dordi Kjersti Mogstad. Todalen.no tek turen til arboretet for laurdag for å ta pulsen på opninga!

Les heile saka

Sosial grendadag

Sosial grendadag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2011

Laurdag tok vi ein avstikkar til Halsa. På Halsanaustan arrangerte dei «Grendadag», der dei hadde samla lokale undehaldningskrefter på ferjekaia. I tillegg hadde lokale bedrifter, lag og organisasjonar laga utstillingar for å vise kva dei held på med. Et veldig flott arrangement, der folk kunne treffast og slå av ein prat, både med kvarandre og med dei som bemanna utstillingane. Slik fekk dei vist til lokalbefolkninga og andre kva dei driv på med.

Les heile saka

Bruk trimpostane

Bruk trimpostane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mai 2011

På trimpostane er det no plassert ut heilårsbøker. Det vil seie at bøkene blir skifta ut på seinhausten og ligg eit heilt år i kassen på trimpostane. Trimgruppa melder at det no er bart til fleire av postane, og det er berre å sette igang med trimaktivtetar til fots. Det ligg bøker på Løfta, Gammelsetra, Haukarsteinen, Dalasetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen og Ansnessetra. Søndag er det utsikter til fint turvær, så det er bare å spenne på fejllsko og sette i gang.

Les heile saka

Dugnad på kyrkjegarden

Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2011

Måndag kveld er det tid for å drive litt våronn på kyrkjegarden. Da er det dugnad for å rette opp skeive gravstøtter, rydde og rake etter vinteren og pynte opp litt til konfirmasjon og 17. maifeiring. Det er sokneråd og kyrkjeverje som er arrangør, og dei oppfordrar folk til å ta med rive, trillebår, spett […]


Todalen Brygge som tysk turistmål?

Todalen Brygge som tysk turistmål?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2011

Forleden var det tysk besøk på Todalen Brygge for å sjå på forholda i Todalen. Det var Destinasjon Kristiansund og Nordmøre som hadde invitert det tyske selskapet Angel Reisen til Nordmøre for å lokke tyske turistar til Nordmøre. Angel Reisens representatar ønska å sjå nærare på Todalen og muligheitene for både sjøfiske og laksefiske her, fortel Synnøve Helland ved todalen brygge på Todalsøra. Todalen Brygge har 3 flotte leiligheter i bryggeanlegget på Todalsøra.

Les heile saka

Klargjering til ny sesong

Klargjering til ny sesong

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2011

Torsdag kveld var det dugnad og klargjering til ny sesong i Svinviks arboret. Det er tradisjon at hagelaga i Surnadal og på Kvanne stiller opp på dugnad ein kveld før arboretet opnar for seongen. I tillegg var det også andre vener av arboretet som deltok i dugnaden, tilsaman eit trettitals habile personar med høveleg redskap. Einingsleiar Dordi Kjersti Mogstad og hagesjef Ola Bruset ved Svinviks Arboret skrytte av innsatsen og tykte dei hadde gjort ein kjempeinnsats i arboretet denne kveldsstunda.

Les heile saka

Nærsøkne rovdyr

Nærsøkne rovdyr

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2011

Den siste tida har vi fått fleire henvendingar om at det er observert gaupe og jerv nær busetninga. I forrige veke var det gaupe på besøk ved Heggøyan, der Margit og Petter Nordvik har sin fritidsbustad. petter fikk berre eit lite glimt av ho, men han er sikker på at det var gaupe han såg. Tidlegare i vår såg Lars Sæther gaupe ved Todalshaugen, der han bor. Han fotograferte gaupa, men det var for mørkt slik at bildet vart mislykka.

Les heile saka

Nybørsta vegar

Nybørsta vegar

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2011

Tysdag var to store «støvsugarar» frå Eidsøra Betong i bygda for å børste og støvsuge fylkesvegane. Det har vore mykje sand på vegskuldrene etter strøinga i vinter, og det har laga unødig mykje støv etter at det var bare vegar. No har dei altså børsta og støvsuga, og kjørt vekk løsgrusen som har skapt dette støvet. […]


Vårtur til Todalen

Vårtur til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2011

Vi har fått tekst og bilder fra Stangvik Aldersheim, der Borghild B. Talgø arbeider som aktivitør. I forrige veke var dei på tur til Todalen, og Borghild skriv til Todalen.no: «I forrige veke fekk vi invitasjon til å kome til Åse og Kåre Øyen på Brubakkan for å sjå på lamma. Vi vart så gla! Buss vart ordna, og kjekk sjåfør vi fikk, da Eirik tok oss med til Todalen.

Les heile saka

Fedonkurs på Velværesentret

Fedonkurs på Velværesentret

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mai 2011

Vi har tidlegare annonsert med kurs i livstilendring her på Velværesenteret. På grunn av at kurshaldaren er sjuk må  oppstarten utsettast ei veke,  altså til torsdag 5. mai. Dette gjer at det fortsatt er muleg å melde seg på for dei som vil være med på kurset. På kurset får du lære praktiske matvaner og mat du kan leve […]


Ball-leik for dei minste

Ball-leik for dei minste

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mai 2011

Kvar tysdag blir det ball-leik for dei minste på Bordholmen. Start tysdag 3. mai kl 18.00, og opplegget er for born som er født i 2003, 2004 og 2005. Alle som blir med får utdelt ein utstyrspose med fotball, drikkeflaske, fotballstrømper, shorts og T-skjorte. Etter kvart skal alle få eiga fotballdrakt. Dette opplegget skal være leik og moro, og målet er å stille eige lag under Todalsdagen 2. juli. Trenarar er Knut Bergli og Ivar Helge Kvendset.

Les heile saka

Meir frå Haukåa

Meir frå Haukåa

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mai 2011

Jon Bruset har vore på ny tur til Haukåa – denne gongen til Indre Haukåa. Dette er nok framant land for dei fleste, kanskje ein og annan hjortejegeren har trafikkert i dette terrenget? Det ligg i alfall utafor allfarveg! Jon skriv i sin e-post til Todalen.no: «Først nokre bilete av grøfta som førte over vatn frå Ytre- til Indre Haukåa. Dette vart gjort for å skaffe nok vatn til Øyasaga i tørre periodar. Frå Indre Haukåa gjekk det vassrenne vidare til Øyadammen (rester av inntaket og vassrenna er teke med mot slutten av bildeserien). Grøfta er fleire hundre meter lang og må ha vore eit storarbeid med spade og handmakt!

Les heile saka