Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Meir om Dropla….

Meir om Dropla….

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2011
Vi har fått e-post med bilde frå Ragnhild Ansnes Moe. Ho skriv: «For ei tid tilbake var det ein omtale på todalen.no om ei ku i Øyafjøset som heitte Dropla. Sender hermed bilete av Dropla, mor og meg teke da det var kuutstilling nedpå Øyagjerdet først på 60-talet. Som du ser syg eg på totten enda så eg kan vel vera ein 6-7 år! 

Ingeborg, Brit og eg hadde kvar vår ku i fjøset som vi kalla for «vår». Og når eg no skriv om dette så forstår du vel at Dropla var «mi». Ingeborg åtte Irma og Bitte ei gammal salryggja ei, Baslin. Men fordi Baslin var så gammel hadde Bitte sikra seg ei til; Tyra. Desse minna dukka opp no da eg såg omtalen av Dropla på todalen.no så tenkte eg at dette kunne eg dela med lesarane».

Publisert: 21. mai 2011, 14:58