Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur over Legdan

Tur over Legdan

Jon Olav Ørsal Måndag 23. mai 2011

Snøkanten kryp oppover, og snart er det klart til å dra til fjells på sko i stanen for ski. Jon Bruset har måndag teke turen opp Knuken, over Legdan og ned igjen gjennom Kvennsetdalen. Som venta trefte han nok på litt snø innafor Knuken, men ikkje meir enn at det var farbart mellom berrflekkane over Legdan og ned til Kvennsetsetrene. Resten av turen gikk ned til Rossåbrua på barmark.

Han har sendt oss nokre bilde frå turen, som vi har lagt i eit bildegalleri nedafor.  Alle foto: Jon Bruset

Publisert: 23. mai 2011, 22:00