Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snart er det Vårsøghelg

Snart er det Vårsøghelg

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mai 2011

Som vanleg er Vårsøghelga knytta til pinsa, og i år startar programmet torsdag 9. juni og held det gåande til søndag 12. juni. Dei kan by på eit rikt og variert program gjennom desse dagane. Høgdepunktet er sjølvsagt Kleivakvelden som er fredag 10. juni kl 19.00. På programmet denne kvelden står Odd Nordstoga og sjølvsagt får vi høyra Henning Sommero og John Pål Inderberg. Men dei byr også på mykje anna – som utdeling av Kleivaprisen.

Av forskjellige innslag kan vi nemna opningskonsert med «Batteri» i Storstua fredag kveld kl 19.30, Knutsen og Ludviksen-konsert for elevane på mellomtrinnet i alle skulane i kommunen laurdag kl 12 og «Allsong i 150 år» i Todalen kyrkje laurdag kveld kl 18.

Søndag er det Vårsøgvandring på Kleiva. Kirsti og Holge opnar da døra inn til heimen til Hans Hyldbakk kl 11.00. I Stangvik kyrkje er det framsyning av teaterstykket «Mirakel» med Trøndelag teater og kl 17 er det gjensyn med Gulla Gaard før dei rundar av med trondheimsolistane i storstua kl 20.00. Her finn du link til heimesida til Vårsøghelga, der du kan sjå heile programmet for 2011.

Først publisert: 26. mai 2011, 18:00 - Sist oppdatert: 25. mai 2011, 23:58