Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7056 artiklar i dette arkivet.


Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Landbrukskonferanse – Velkomen til bords!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Fredag 10. februar arrangerer Surnadal Sparebank årets landbrukskonferanse. Det skjer i Surnadal kulturhus, og i samarbeid med Todalen Bondelag og Surnadal Bondelag. Det er det foredrag av både lokale størrelsar, samt foredraghaldarar utafrå. Ola T. Heggem tek for seg landbruksmeldinga, medan Roald Boge vil orientere om vindkraft.

Les heile saka

På konsert: Åge ga alt!

På konsert: Åge ga alt!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Surnadal kulturhus var fylt til siste plass og vel så det, da Åge Aleksandersen og Gunnar Pedersen entra scena laurdag kveld. Dei to fekk straks kontakt med publikum, og vi fikk bli med på 2 timer med ei fantastisk konsertoppleving. Radarparet Åge og Gunnar har spela saman sia 1980 og dette hadde dei kalla ein «akkustisk turne». Den var sett sammen av melodiar og tekster som dei lika spesielt god, og som har betydd mykje for dei. Det var Åge på sitt beste, krydret med gitarspill av høg klasse frå Gunnar.

Les heile saka

Rekordtrafikk i januar

Rekordtrafikk i januar

Jon Olav Ørsal Fredag 3. februar 2012

Trafikken på Todalen.no veks mot nye høgder. I januar sette vi tre nye rekordar, da nettstaden hadde 23.672 besøk på sida. Det er første gongen at antal besøk er over 20.000 på ein månad, så den rekorden vart grundig slegen. I desember var vi tett oppunder, da vi berre mangla 67, men i januar vart det altså. De to største sakene var sjølvsagt NorgesCupen på Kårvatn, som tilsaman samla 2.221 besøk.

Les heile saka

Verdige prisvinnarar

Verdige prisvinnarar

Jon Olav Ørsal Sundag 29. januar 2012

Idrettens festkveld vart ei fin forestilling der Surnadal idrettsråd nytta høvet til å gi mykje velfortjent heider og ære til både idrettsutøvarar, eldsjeler og andre som har lagt ned mykje frivillig arbeid for idretten over lang tid. Konferansierane Siri Marte Hollekim og Roar Strand losa oss gjennom kvelden på ein fin måte og bidrog til at kvelden vart ei høgtidsstund. Høgdepunktet var nok prisutdelingane, og det har vore mange verdige kandidatar til prisane. Ein vanskeleg jobb for juryen når dei skulle ende opp med ein prisvinnar for kvar pris til slutt.

Les heile saka

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. januar 2012

Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe.   Alle er velkome!    […]


Laurdags-Zumba – noko for deg?

Laurdags-Zumba – noko for deg?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. januar 2012

Surnadal Velværesenter inviterer til LAURDAG-ZUMBA i Idrettshallen førstkomande laurdag, den 28. januar kl. 16.00. Alle som vil danse zumba er hjarteleg velkomne! Gratis for medlemar og kr. 100,- for ikkje-medlemar. Du er velkomen på laurdag!


Den staselege Kölnerdomen

Den staselege Kölnerdomen

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. januar 2012

Det var ikkje berre møblar å sjå i Köln. Dei har staseleg kyrkje også – Kölnerdomen. Vi budde i gåavstand frå dette praktbygget, og kunne ikkje reise frå Köln uten å stikke innom der ein tur. Kölnerdomen er 157,31 m høg, så det var ikkje vanskeleg å finne fram dit. Så med Narve Talgø som kjentmann og fagkonsulent tok vi ut til fots og i løpet av ein halvtimes tid og ein liten bomtur var vi framme. Vi vart imponert!

Les heile saka

Blomster for lang og tru teneste

Blomster for lang og tru teneste

Håvard Halset Tysdag 24. januar 2012

For ei tid tilbake hadde Søya Todalen skytterlag sitt første styremøte for året. Møtet var halde på Hammerstuene og agendaen var å kome igang for det nye styret. Andre saker var ein gjennomgang av økonomi og varelager. Det nye styret skulle og bli kjent med kvarandre samt få litt informasjon og tips frå dei gamle.

Les heile saka

Fikk knust speilet

Fikk knust speilet

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2012

Ein billist på veg til jobb i Todalen (ca kl 7.50) var uheldig og fikk knust eit sidespeil på Nordvik måndag morgon. Møtande billist fortsette utan å stanse, men billisten ønskjer kontakt da det vart ein mindre skade på bilen. Billisten oppfordrar derfor om å ta kontakt på telefon 41 04 16 12 så snart som muleg.


«Finnguten» trekte fullt hus

«Finnguten» trekte fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2012

Mellom 90 og 90 skodelystne var på plass i Ungdomshuset da Maren Ansnes kunne ønske velkomen til ettermiddagskaffe og visning av filmen ”Finnguten”. Det var produsenten sjølv, Eistein Bæverfjord som stod for visninga, og etter responsen frå publikum å døme lika dei det dei såg. Filmen var ein historisk dokumentasjon om den over hundre år gamle historia om sørsamane i fjella mellom Hemne og Rindal, og om den sjuke finnguten. Den har tidlegare gått for fulle hus både i Rindal, Betna og ikkje minst i Bæverhallen, der det var premiere på filmen.

Les heile saka

740.000 m2 med møblar og interiør

740.000 m2 med møblar og interiør

Jon Olav Ørsal frå Köln Laurdag 21. januar 2012

Det er dimensjonar over møbelmessa i Köln! Både «Bygg Reis Deg på» Lillestrøm og den tidlegare Ålesundsmessa blir nok som kebabkioskar å rekne i samanlikning med møbel- og interiørmessa i Köln. Den har utstillingar i 11 hallar, på tilsaman 740.000 kvadratmeter golvflate, og for å gi eit inntrykk av kor stort areal dette er så kan […]

Les heile saka

Todalsabend i Köln

Todalsabend i Köln

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. januar 2012

Denne veka har den tradisjonelle Kölnmessa gått av stabelen. Det er ei av Europas største møbelmesser, og som nettstad for ei møbelbygd var det naturleg at Todalen.no tok turen dit saman med møbelfolk frå Todalen. Terje Nordvik i Terjes Handelagentur er agent for Top Star kontorstoler, og jobba på standen deira denne veka.

Les heile saka