Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Overraskande besøk på spelplassen

Overraskande besøk på spelplassen

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mai 2012

Storfuglleiken vart litt annleis enn han reka med for Ola Halle. Ola er frå Hjellnes i Todalen, men bor no i Trondheim. I helga var han heime i Todalen på besøk, og skulle laurdag kveld ta ein tur til skogs til hytta til bror sin. I nærleiken av hytta ligg det ei myr der det er laga eit kamuflasjeskjul som blir bruka til å oppleve spelet til storfuglen. Da det leid mot kveld tok han plass i skjulet for å vente på at det skulle bli aktivitet, og gjorde seg klar med kamera for å prøve å få eit bilde i løpet av kvelden eller i morgontimane.

Men bildefangsten vart nok ein heilt anna enn han hadde tenkt seg, for ca 21.45 kom det ei gaupe forbi på ca 40-50 meter hald. Den kjente nok at det var eit eller anna i nærleiken, for den sette seg ned eit augeblikk for å sjekke omgivnaden. Akkurat lenge nok til at Ola fikk teke eit bilde, før den nok ante uråd og fortsette forbi og kom bort. Det vart eit par bilde til før gaupa forsvann like fort som den hadde kome. Dette skjerpa nok vakthaldet utover kvelden og natta, men det var ikkje noko meir å sjå til gaupa.

Men det vart etter kvart spelaktivitet på myra, for i 2.30-tida kom det ein orrhane og heldt oppvisning i ein times tid før også han forsvann. Men da var det for mørkt, slik at det vart ikkje skikkeleg bilde av dette besøket. Men Ola Halle tykte han hadde fått skikkeleg bonus i gaupebileta som han rakk å ta, og konkluderte med at han nok var på rett plass til rett tid denne gongen. Dei som akkurat har slept ut sauer og små lam på beite, setter nok mindre pris på gaupevisitten!

Publisert: 21. mai 2012, 07:55