Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toril feira dagen på Færøyene

Toril feira dagen på Færøyene

Jon Olav Ørsal Fredag 18. mai 2012

Det er nok fleire todalingar som har feira Noregs grunnlovsdag i utlandet i år også. Ei av dei er Toril Redalen som var på Færøyane for å ta del i opning av utstilling i Nordens Hus, saman med statsminister Jens Stoltenberg og følgje. Statsministeren skulle i tillegg besøkte Shetland og  Færøyene for markere at det i år er 70 år sia den norske basen vart etablert der under krigen. Toril har laga kunst som er med på denne utstillinga og var såleis invitert til å ta del i opninga.

Toril feira som sagt grunnlovsdagen på Færøyene, og det gjorde hun i stilig Nordmørs-bunad. I e-posten vi har fått frå Toril, rettar ho ein takk til Sigrun Ørsal for lånet av bunaden i høve opning av utstillinga og feiringa av 17. mai i lag med statsministeren. Den er hermed bringa vidare!

Publisert: 18. mai 2012, 18:12