Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feira grunnlovsdagen i regn

Feira grunnlovsdagen i regn

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2012

Sjølv om regnvêret la ein liten dempar på 17.-maifeiringa, var det bra deltaking både i kyrkja og på arrangementeet i skulen etterpå. Feiringa starta med folketog frå skulen og nedover til kyrkja for å delta i gudstenesta, der vi hadde fått lånt soknepresten i Surnadal som heiter Vidar Rygh. Det var 106 tilhøyrarar i kyrkja, og det var reint så koseleg med så mange budnadskledde og med flagg som pryda kyrkjerommet. Med så mykje folk i kyrkja prega det også salmesongen som var fyldig og klangfull.

Etter gudstenesta var det samling ved bautaen, der varaordførar Lilly Gunn Nyheim frå Surnadal kommune la ned blomster til minne om krigsveteranane og falne frå Todalen. Etterpå starta folketoget som no var forsterka med musikk-korpset på turen oppover til skulen igjen, der korpset heldt ein liten minikonsert før festlyden trekte inn i gymnastikksalen, der det var servering av sodd. Må forresten gi skryt til kjøkenet for den gode og smakfulle sodden!

Leikar for borna stod også på programmet, sjølv om begrensa seg på grunn av regnet. Vidare var det tale for dagen som stod ffor tur. Det var Nils Håvard Øyås frå Nordvik  som var festtalar i år, og han mintes bakgrunnen for at vi feirar nasjonaldagen, samtidig som han også kom inn på aktuelle tema som har stor betydning for bygdemiljøa i dag.

Heilt til slutt fekk Kristine Saksen Ulvund ei påskjønning for at ho tok initiativ til å samle saman gamle korpsveteranar til eit lite men bra musikkorps. Korpsmusikk høyrer liksom til når vi skal feire grunnlovsdagen.

I bildegalleriet nedafor har vi lagt ut eit utval av bilder frå gudstenesta i Todalen kyrkje, frå folketoget og frå feiringa i Todalen skule.   Foto: Jon Olav Ørsal og Laila Kvendset

Først publisert: 17. mai 2012, 20:45 - Sist oppdatert: 18. mai 2012, 00:21