Laksefisket godt i gang
Dei første laksane frå Toåa er forlengst komne på land. Fisket etter laks- og sjøaure starta fredag 15., og den første laksen kom på land alt første natta. Den var på 4-5 kg, og i tillegg seier ryktebørset at ein 6-7 er teken. Sikkert er det i allfall Tor lerstang og Terje Lind tok kvar sin smålaks på føremiddagen søndag. Terje Lind tok ein på knappe 4 kg i Skjorahølen, medan Tor Lerstang tok sin på rundt 3 kg 0mtrent samtidig i Inneråhølen. Ellers kan fleire rapporter om at dei har hatt laks på kroksen som dei har mista. Toåa steig utover dagen søndag, og det er venta meir resultat av laksefisket mot kveldinga.
Les heile saka