Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skal vise fram bygda

Skal vise fram bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Søndag kjem det ein heil busslast med 50 pensjonistar frå Vestnes til Todalen og Todalen historielag. Dei vil sjå Todalen, og har eit spesielt ønskje om å sjå Halsesamlinga. Det er Per Bjørn Ellingseter som er reiseledar på turen, og dei skal ta heile rundturen med Svinviks arboret, Gammelfabrikken, Kårvatn og Halsesamlinga som no er på plass i biblioteket på Todalen oppvekstsenter. Nils Ove Bruset frå Todalen historielag blir med som lokal guide på heile turen rundt i bygda og til Svinvika til slutt.

Dei kjem først til Todalen oppvekstsenter kl.12.00, der Nils Ove fortel om Leif Halse og Halsesamlinga. Deretter køyrer dei oppover til Brusetmarka og gammelfabrikken, og vidare til Kårvatn. Pensjonistane har bestilt varmrett i Svinvika kl.14.00. Da får vi berre sette vår lit til vêrgudane, skriv historielagsledar Maren Ansnes i en e-post til Todalen.no

Først publisert: 13. juni 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 12. juni 2012, 22:59