Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Fredag 15. juni: Laksefisket startar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juni 2012

Fredag 15. juni startar laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske, for no skal smolten som vart sett ut for 3-4 år sia være komne i fin størrelse på 4-7 kg. Slår det til kan det bli eit kronår, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no.  Og det er god grunn til optimisme, for laksefisket er bra både i Surna og i Driva så langt i sesongen. Dei starta 2 veker tidlegare enn i Toåa og er altså komne godt i gang.

I fjor vart den første laksen landa alt første morgonen. Det var Per Ørsal som tok ein laks på 4 kg i Tømmermelhølen.  Seinare utover sesongen var det jamnt bra fiske og ein ventar også ein bra sesong i år, basert på resultata i naboelvane.

Fiskekort får du kjøpt på Todalshytta og på Matkroken L. Hals (tidlegare ICA Todalen). Her får du også informasjonsbrosjyre om fisket i Toåa og info om dei viktigaste reglane. Du kan nemleg fiske 2 laks og 2 ørret pr dag. Det er også endringar i fiskbar elvestrekning i år. Elvestrekninga ved gammelfabrikken og ved Trudvang (Steinutgarden) er nemleg tekne ut, og er altså privat elvestrekning i år. Du finn meir info på heimesida til Todalen elveeigarlag – Todalslaks.no.

Publisert: 13. juni 2012, 21:00