Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Byggmakker med nyopning

Byggmakker med nyopning

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

Torsdag var det storstila reopning av Byggmakker Surnadal. Dei tek no i bruk nybygget på rundt 400 m2 som er bruka til sesongvarer med fine miljøutstillingar av hageutstyr og  hagemøblar. Heile butikken er renovert og varene er omplassert slik at det er lett å orientere seg og det er smakfullt innreidd. Mellom anna er det laga ei ny fin miljøutstilling med bad og kjøkken.

På opningsdagane var det mange god tilbud og det var stor tilstrøyming av kundar utover torsdagen. Det vart etter kvart mange fulle handlevogner og skikkelg trøkk i kassa, men folk tok litt venting med godt humør.

Utvendig er også butikken omprofilert, med ein stor og raud inngangsportal. Ingen tvil om kvar inngangen til Byggmakker er. På det nye tilbygget er det bruka Møreroyal kledning i kombinasjon med stein, og det vart riktig så smakfullt.

Måndag  –  fredag er butikken open 07-17 – Laurdag  10 – 14.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå opningsdagen på Byggmakker Surnadal.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 14. juni 2012, 15:41 - Sist oppdatert: 15. juni 2012, 08:43