Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6689 artiklar i dette arkivet.


Aldersheimen fekk bilete

Aldersheimen fekk bilete

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2011

Surnadal Pensjonistlag markerte måndag overrekking av bilde til Stangvik aldersheim. Dette har samanheng med at Reidar Østvik hadde utstilling på aldersheimen frå påsketid og utover våren. Bebuarane lika godt bilda som Reidar stilte ut, og spesielt var det eit bilde med sauer som fall i smak. Dette bilde fekk aldersheimen med Surnadal Pensjonistlag som gåve, og laget ønska samtidig å takke dei tilsette på aldersheimen for den fine innsatsen dei gjer. Det var lagets ledar Johannes Vaag som med velvalde ord overrekte biletet.

Les heile saka

Må koke vatnet

Jon Olav Ørsal Fredag 15. juli 2011

Halle og Husby Vasslag har sendt ut melding om at abonnentane bør koke drikkevatnet inntil vidare. Siste vassprøve viste eit lite innslag av e-colibakteriar, utan at det er nokon dramatikk i det, seier ledar Gudmund Husby. Sannsynleg vis er det overflatevatn etter regnvêret den siste tida som er årsaka. Det skal takast ny vassprøve i […]


Skjelprøvar av laksen

Skjelprøvar av laksen

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juli 2011

Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.

Les heile saka

Museumsdag på Åsen søndag

Museumsdag på Åsen søndag

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. juli 2011

Førstkomande søndag (17. juli kl 12-16)) inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Åsen. Her blir det ymse aktivitetar utover dagen, men hovudattraksjonen blir Bjørn Austigard som vil kåsere om temaet «Havre». Det skjer i Røykestova, og på grunn begrensa kapasitet der, vil han halde kåseri i to omgangar – kl 13 og kl 14.

Les heile saka

Fint badevatn rundt småbåthamna

Fint badevatn rundt småbåthamna

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. juli 2011

I eit samarbeidsprosjekt med Miljøretta helsevern i Surnadal kommune har TrollheimsLab teke vassprøvar fleire plassar i kommunen for å sjekke kvaliteten på badevatnet. I Todalen er det teke 2 prøvar i området ved badeplassen ved Småbåthamna på Kvennset. Prøvane viser gode resultat, skriv Hanne Waag i ein e-post til Todalen.no. På Trollheimsporten kan du les […]


Reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland

Reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland

Jon Olav Ørsal Måndag 11. juli 2011

Fra Lars Stensby har vi fått reisebrev fra Niedersacshen i Tyskland. Firmaet han er ansatt i har oppdrag for Statkraft der, og gjennom flere perioder skal han utføre oppdrag der. Lars er ansatt i Trondheims-firmaet MainTech og han skriv: «MainTech dro nylig i land en kontrakt med Statkraft om å hjelpe de med vedlikeholdstilpasning av et av deres gasskraftverk i Tyskland. Denne kontrakten beskjeftiger fire medarbeidere fra sommeren, og frem til jul. Arbeidet består av å gjennomgå gassturbinen, kjelen, brennere, dampturbin, kjølesystem pluss alle pumper, ventiler, instrumenter og hjelpesystemer og vurdere om de er kritiske for sikkerheten, miljøet eller produksjonen. Dette er tusenvis av komponenter. Det skal utarbeides et forslag til vedlikehold, slik at sikkerhet og pålitelighet blir slik Statkraft ønsker at det skal være.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2011

Søndag 28. august er det klart for ny Trollheimsmarsj igjen, melder Kari Kvendset i Todalen I.L.  Det blir den fjerde i rekkja, og det er lurt å sette av helga til formålet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, med Trollheimstunnelen som sponsor.  Årets Trollheimsmarsj følger tradisjonelt opplegg med start på Bordholmen stadion i […]


Solsenga i drift igjen

Solsenga i drift igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. juli 2011

Todalen I.L. melder at solsenga i gamle postkontoret er i drift igjen etter en liten reparasjon. Solsenga har myntautomat og det koster kr 60 for 20 minutter, og kr 30 for 10 minutter.


Premiere på mjølkeroboten

Premiere på mjølkeroboten

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2011

I dag var det blautkake i Viastua. Premieredagen for oppstart av den nye mjølkeroboten må markerast såpass. Selbyggen Oddbjørn Stamnes frå Selbu har jobba 3-4 veker med montering av ny mjølkerobot i Viastufjøset. Dette er ei stor investering, godt over ein million, og sammen med ny automatisk kraftforstall vil nok det nye utstyret lette arbeidet etter kvart. Det tek nok litt tid for kyrne å bli vant til dette, men etter kvart blir det nok kø framfor mjølkeroboten. Heile systemet er datastyrt, og held kontroll med kva kyr som er mjølka, og kor mykje kraftfor dei har fått.

Les heile saka

Toneklang – konsert i kyrkja i kveld

Toneklang – konsert i kyrkja i kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

Tone Søyset Døving og Trygve Brøske er todalsaktuell til helga. Søndag 10. juli kl 19.30 held dei konsert i Todalen kykje. Konserten er ein del av jubileet til  Todalskyrkja som i år feirar 150-årsjubileum gjennom heile året. Sist søndag kveld hadde vi Tone på tråden frå Hakadal, der ho bor, og ho kunne fortelje at ho gler seg til […]

Les heile saka

Lagbileta frå Todalsdagens cup

Lagbileta frå Todalsdagens cup

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

No er alle lagbileta frå fotballcupen lagt ut. Vi har bilde av 36 av til saman 37 lag som deltok i cupen. Laget til Sunndal manglar, da dei drog heim rett frå siste ferdigspela kamp, så dei gikk glipp av premieutdeling og fotografering. Alle dei andre laga ligg i bildegalleriet nedafor. Skulle det være bruka feil namn på laget, så sett vi pris på å få korrigering frå lagleder på e-post til redaksjonen i Todalen.no.

Les heile saka

Kårvatn Fjellutstyr – Ope måndag – laurdag

Kårvatn Fjellutstyr – Ope måndag – laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

Hos Kårvatn Fjellutstyr er det fortsatt mykje fine  klær til halv pris. I ein artikkel om lagersalget kom vi dessverre i skade for å skrive at dei har ope i dag på søndag, men det stemmer ikkje. Dei har ope igjen måndag og opningstidene utover veka er måndag – laurdag 10-16 med langdag på tysdagar til […]

Les heile saka