Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7004 artiklar i dette arkivet.


Triveleg kveld med song og spell

Triveleg kveld med song og spell

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. oktober 2012

Det var ikkje ein einaste ledig stol i Skulstuå fredag kveld, da Venner av Skulstua inviterte til underhaldningskveld med song og slåttespel. Stiftinga Skulstuå i Todalen har no formelt overteke «Gammelskulin» og det er laget Venner av Skulstuå som skal drifte eigedomen. Dei har alt starta vedlikehaldsarbeidet av bygget, men dei vil samtidig ta i bruk huset til ymse slags arrangement og som møtelokale.

Les heile saka

Stavgang på Mausetmoå.

Stavgang på Mausetmoå.

Vidar Sogge Fredag 5. oktober 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag besøkte torsdag 4. oktober dei flotte løypene på Mausetmoå. Her har nokre lokale eldsjeler saman med Trollheimen sykkelklubb laga ei rundløype på 1,5 km, der det i blaute parti er lagt ut duk og fylt på med knusagrus. I tillegg kan ein utvida turen med ein runde rundt skytebanen pluss gå ei rydda sløyfe i fint skogsterreng der det er lagt ut steinar i blaute parti. Da blir løypa 2,5 km, der heile strekninga er rydda for busker og lyng og så tørr at ein godt kan bruka joggesko.

Les heile saka

Kald september

Kald september

Jon Olav Ørsal Fredag 5. oktober 2012

September månad har vore jamnt kald, men på Småhjellan hos Jon Bruset har det vore berre ei frostnatt. Andre plassar har nok gradstokken såvidt krøpet under nullpunktet opptil eit par netter til. På Småhjellan var det natt til 24. september at kvikksølvet kraup under null for første gong i haust. I fjor kom første frostnatta 27. september, og da var det 3 frostnetter i september.

Les heile saka

Kjempebra revyprosjekt

Kjempebra revyprosjekt

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. oktober 2012

Tysdag og onsdag har elevane i 10. årstrinn ved Surnadal ungdomsskule kjørt framsyninga av prosjektet SUSileum i Storstua på kulturhuset. Dei feirer i år 10-årsjubileum, og dei har henta fleire nummer frå tidlegare prosjekt, samtidig som dei har laga nye og aktuelle nummer. Dei gjorde ein kjempebra jobb på scena, og det er vel verdt å […]


Sjå etter sauer og lam

Sjå etter sauer og lam

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. oktober 2012

Sjå etter sauer og lam dersom du er på fjelltur, oppfordrar Gudmund K. Kvendset. Sjølv har han framleis 20 lam borte, og eit av lamma har han sett på Lauvåfjellet. Nærare bestemt på Romålihøgdin var lammet sist observert. Gudmund hadde eit hundretals sauer og lam på beite i området Kvennsetdalen/Lauvåfjellet, og eit tap på 20 dyr er nok langt frå akseptabelt.

Les heile saka

Med Dalabotnan som turmål

Med Dalabotnan som turmål

Jon Bruset Tysdag 2. oktober 2012

Etter ein sommar der det var langt mellom finversdagane, har hausten starta med fint turver. I dag (2.okt.) vart det tur til Dalabotnan.
Start frå Kårvatn og opp forbi Naustådalsetra til Tverråbotn. Derifrå gjennom Revholbotn og Kvennåbotn og utover Talgønebba. Nedturen gjekk så utetter Slåkjen og ned til Litjlia og etter grei stiga ned Seterlia og heimover etter Røyskattvegen.

Les heile saka

Pilskaret – arbeidet har starta

Pilskaret – arbeidet har starta

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. oktober 2012

Kolo Veidekke har dei siste dagane jobba med reparasjon av krysset ved Pilskaret. Det er lagt ned nye stikkrenner og grøftene er reinska. No er arbeiedet igang med utskifting av massen i vegbanen i to etappar.  Halve vegbanen er no klar for fylling av ny masse, og så står det att å legge på ny […]


SUSileum – 3 kveldar på rad

SUSileum – 3 kveldar på rad

Jon Olav Ørsal Måndag 1. oktober 2012

Da er det klart for framføring av det årlige prosjektet for 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Noko av stoffet er nytt og aktuelt i år, med noko er plukka frå tidlegare år, og det blir framføring tre kveldar – tirsdag, onsdag og torsdag. Alle elevane i 10.-trinnet deltek i prosjektet, kvar på sin måte.  Her […]


Song og slåttespel i Skulstuå

Song og slåttespel i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Måndag 1. oktober 2012

Vi får atter besøk frå ein ihuga trekkspelkar frå Gjemnes, og denne gongen er det Konrad Nerland som kjem. Han vil fortelja om Mad Berg, som er ein landskjendt forfattar av skulesongboka. Frå Surnadal kjem Torgeir Leivdal og vil spela slåttar som og Leif Halse spela. Alf Ramsøy vil lesa tekstar av Leif Halse. Det […]


Sesongslutt med bankett

Sesongslutt med bankett

Jon Olav Ørsal Måndag 1. oktober 2012

Det vart ein dårleg start på sesongavslutninga for TSKU på Bordholmen laurdag, da Molde etter kort tid fekk inn 2 ”larvmål”. TSKU reduserte heilt på tampen førsteomgangen, men dei måtte gå til pause med 1-2. I andreomgangen auka Molde til 1-3, som vart sluttresultatet. Ein fortent siger til Molde, sjølv om TSKU kjempa god gjennom heile kampen.

Les heile saka

Servertrøbbel for Todalen.no

Servertrøbbel for Todalen.no

Jon Olav Ørsal Måndag 1. oktober 2012

Servertrøbbel har prega denne helga. Nettsida Todalen.no har vore ute av drift frå laurdag morgon i 8-tida, og kom først på lufta igjen måndag i 7-tida. Årsaka et utfall av ein server hos webhotel-leverandøren Nordialog, som nok har avslørt ein alt for dårleg helgeberedskap. Todalen.no jobbar for å flytte servertjenesta over på eit anna webhotell så […]


Kven er med på bildet? – oppdatert

Kven er med på bildet? – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 30. september 2012

Det er Sven Olav Svinvik som har det gamle biletet av bussen/lastebilen til Ingebrigt Kvendset (Sandstad). Biletet er frå Svinvika og dei som Sven Olav kjenner er far hans Bjarne og mor hans Anna-Lisa,bestefaren Erik Svinvik, Bengt og Else Maj. Ingebrigt Kvendset står midt på biletet. Trur elles det er folk frå Viastua med på biletet?

Les heile saka