Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frode vart heidra på årsmøtet

Frode vart heidra på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Frode Grønmyr trekte det lengste strået i konkurransen om årets bilete på Todalen.no for 2012. På årsmøtet fikk Frode premien som var ei innrama forstørring av sitt eige bilete med motivet frå nordlyset på nordhimmelen over Hjellnes.  15 personar møtte opp for å ta del i årsmøtet i Todalen ungdomshus, og vart fort avvikla.

Årsmøtet godkjente rekneskap og årsmelding, og både styreleder Sondre Halset og styremedlemane fikk fornya tillit for ein ny periode. Revisor og valgkomite vart også attvald. Mest debatt vart det om vedtektsendring for stemmeretssreglane for støttemedlemar, der årsmøtet til slutt gjorde eit einstemmig vedtak.

Til slutt orienterte styret om drifta av Todalen.no, med ein presentasjon som viste utviklinga sidan starten. Statistikken for 2012 viser at nettstaden hadde heile 273.429 besøk i løpet av året. det er ein auke på 26,7 %.  Antal sidevisninger i løpet av året var 592.216 som er ein auke på 23 %. Disse tala er styret godt nøgd med, og viser at nettstaden har stor interesse langt ut over bygdas grenser.

Publisert: 13. mars 2013, 00:24