Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget – årsmøte 2013

Historielaget – årsmøte 2013

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Det blir årsmøte i Todalen historielag i Todalen ungdomhus søndag 17. mars kl. 14.00.  i tillegg til vanlege årsmøtesaker vil Janne Carina Strand, som er  prosjektkoordinator for kulturminner i Surnadal kommune  kome for å orientere om kulturminneregistreringa i kommunen. Og sjølvsagt blir det kaffe og servering på tradisjonelt vis, skriv ledar Maren Ansnes i ein e-post til redaksjonen.

Sakliste for årsmøtet er klar: (plakaten finn du her som PDF-dokument)
> Valg av ordstyrar
> Valg av to til å skrive under protokollen
> Årsmelding
> Rekneskap
> Valg
Dei som vil seie frå seg verv melder frå til valkomiteen innan 10. mars. Valkomiteen er Ola Bruset mob. 91595894 og Kristian Gjeldnes 90957594
Innkomne saker må vera meldt til styret innan 12. mars, og dei kan sendast på e-post til leiar Maren Ansnes: maren@pestua-gard.no  eller skriftleg pr. post.

Alle er velkomne!

Først publisert: 13. mars 2013, 07:00 - Sist oppdatert: 15. mars 2013, 17:37