Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Husbasar med givarglede

Husbasar med givarglede

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2013

På husbasaren søndag ettemiddag kom det inn over 25.000 kroner. Ledar i Todalen Idrettslag, Kari Kvendset er imponert over givargleda og dugnadsånda til todalingane. Dei stiller opp når det trengs, seier ho. Husbasaren er ei sikker inntektskilde for å bidra til drift av Ungdomshuset, og dei siste på vekene har det foregått førehandssalg, som søndag kveld var runda av med husbasar og trekning.

Her var det basarbord med mange flotte gevinstar, og i tillegg har basaren fått hovudgevinstane som lodda ut. Det var eit fint måleri, som var gåve frå kunstnaren Elisabeth Aas, og eit hagemøbelsett fra Talgø.  Det var eit hagebord og 4 tilhørande stolar i rotting. I tillegg til loddsalg var det åresalg og konkurranse i pilkasting for både store og små.

På kveldens basar var det også trekning på storskjerm i salen, der folk kunne følgje med at alt gikk rett for seg. Det fungerte bra og vart fulgt med stor interesse. Spesielt var spenninga stor når berre dei to hovudgevinstane skulle trekkjast.  Resultatet av den trekkjinga var at maleriet frå Elisabet Aas vart vunne av Vestrum, og hagemøblane vart vunne av familien på Nordset!

Nedafor har vi lagt ut nokre bildeglimt frå basaren i eit galleri.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. mars 2013, 21:23