Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nordmørstreffet – full trøkk på Dokkhuset

Nordmørstreffet – full trøkk på Dokkhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Nordmørstreffet på Dokkhuset i Trondheim vart ein suksess, og det var bra oppmøte og god stemning. Sjølv om det var flest sunndalingar som kom på treffet, var det også mange med tilhørigheit i Surnadal som kom for å sjå kva samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal hadde å by på. Det var mange kjente næringslivsfjes som har sett stor prioritet på dette arrangementet.  Mange var på jakt etter ingeniørar, men dette er generelt ein viktig plass for for nettverksbyggjing, fortel marketingsjef Heid Snekvik, som representere Talgø.

Under Nordmørstreffet gikk også startkotet for Trainee Indre Nordmøre. Gjennom dette prosjektet er en på jakt etter kandidater som har fersk høgskule- og univeritetsutdanning som gjennom dette prosjektet får bli med på mange spanande oppgåver.  Dette fin du meir informasjon om på nettsida til Trainee Indre Nordmøre.

På underhaldningsfronten var det eit allsidig utval, der det var innslag frå «Fjord og Fjell», eit utdrag av «Kreft for faen», radarparet Trygve Brøske og Anders Larsen, samt Mari Fiske med sin beatboxing.  Det var også trekning av gjeve premiar, der hovudgevinsten var ein kvilestol med fotskammel og bord frå Talgø.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå Nordmørstreffet på Dokkhuset tysdag kveld.  Foto: Heid Snekvik

Publisert: 13. mars 2013, 20:00