Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7119 artiklar i dette arkivet.


Neste laurdag: Idrettens festkveld

Neste laurdag: Idrettens festkveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2013

Neste laurdag, den 26. januar , står idrettens festkveld på programmet i Surnadal kulturhus. Det er Surnadal Idrettsråd som er arrangør, og dei reknar med fullt hus i Storstua denne kvelden. På idrettens festkveld skal det delast ut 3 prisar: årets prestasjon, «Årets ildsjel» og «Publikums ærespris». Når det gjeld «Publikums hederspris» kan du væra med og bestemme kven som er fortjent mottakar. Slik kan du røyste på din kandidat:

Les heile saka

Todalsabend – kulturkveld i Köln

Todalsabend – kulturkveld i Köln

Jon Olav Ørsal Fredag 18. januar 2013

Like sikkert som det er møbelmesse i Köln i Tyskland kvart år, så er det Todalsabend – Todalskveld – der todalingar og todalsvener treffes. Det skjer på ein restaurant, både for å nyte god mat og drikke, og for ha det triveleg i lag. Det er Terje Nordvik som er intiativtakar til dette arrangementet, og i tillegg til andre todalingar så var det folk frå heile landet, samt frå Sverige, Danmark, Tyskland og kanskje fleire. Litt spesielt var det i år, for i år har dette arrangementet 20-årsjubileum, men Todalsabend er nok godt etablert som tradisjon.

Les heile saka

Fredag kveld: TrondheimSolistene i kulturhuset

Fredag kveld: TrondheimSolistene i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 18. januar 2013

Fredag kveld kjem TrondheimSolistene til kulturhuset for å halde konsert. Det er 10. gongen, og det er stort og ærefylt for oss å få besøk av dem, seier kulturhussjef karstein Telstad.  Det er kvalitet over det dei framfører, men samtidig har dei ein lett tone med mykje lun humor. Konserten startar kl 19.00, og billettar kan […]


Sonerenn på Nordmarka

Sonerenn på Nordmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2013

Surnadal I.L. arrangerer  KM klassisk og sonerenn for klassane 8-10 år. Det skjer søndag 20. januar kl 12 på Norsdmarka skisenter, og påmeldingsfristen er torsdag 17. januar, og påmelding skjer på Klubben online, men du kan også melde deg på via telefon eller e-post til Surnadal I.L. v/Eivind Sponås.  Finn fram langrennskiene og meld deg […]


Forsvarsforeninga: Aktivitetsplan for første halvår

Forsvarsforeninga: Aktivitetsplan for første halvår

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2013

Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer laurdag 26. januar prøve til skiskyttarmerket. Det foregår denne gongen på Toresetra i Bæverdalen, med start kl 13. Det blir militært program med militært utstyr, og du går 10 km langrenn og skyter 10 skot med AG3. men dei har også flerire aktivitetar på lur utover våren:

Les heile saka

To buksestørrelsar ned….

To buksestørrelsar ned….

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. januar 2013

Er du lei magefettet, har vi løysinga for deg: Velværesentret kan styre treningsprogrammet ditt utover vinteren, der du gjennom 6 vekers program ffår trening, veging og måling, samt kosthaldråd. Med dette programmet har du god mulegheiter for å lykkast. Velværesentret har kjørt 2 omgangar med slike kurs i 2012, og har oppnådd gode resultat, fortel dagleg leiar Ann Kristin Bruset.

Les heile saka

Talgø: Premiere for nye websider

Talgø: Premiere for nye websider

Jon Olav Ørsal Måndag 14. januar 2013

Måndag hadde Talgø premiere for sine nye websider på www.talgo.no. Dei nye websidene er heilt nyutvikla, og den største endringa er nok at fokus er skifta frå produksjonsstad til produkt. Alle produkta kjem no frå Talgø, og er samla i produktgrupper. Enkelt og oversiktleg, og med låg brukarterskel for å finne fram, seier marketingsjef Heid Snekvik.

Les heile saka

Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. januar 2013

Sist fredag arrangerte vi ved skulen i Todalen Ti-kaffe. Elevane hadde invitert familie og andre interesserte til kaffelag. Det kom riktig mange gjester, og det vart ei riktig triveleg føremiddagsstund. Elevane hadde øvd inn program – litt nytt, og noko var reprise frå førjulskvelden. Aktørane på scena var entusiastiske, og gjestene i salen kosa seg med det dei såg og høyrde!

Les heile saka

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. januar 2013

Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy.

Les heile saka

Nye jobbar i nytt senter

Nye jobbar i nytt senter

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

I fredagsavisa til Driva er søker Talgø-selskapa Byggmakker og Hageland etter nye medarbeidarar. Saman med den nye avdelinga for Flisekompaniet i Byggmakker, vil dei ha behov for fleire nye medarbeidarar til butikk, flisavdeling og til hagesentret. Det nye senteret vil tilsaman få ei salsflate på rundt 6000 m2, der Byggmakker, Flisekompaniet og Hageland blir å finne.

Les heile saka

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

Laurdag kl 11 går startskotet for randonee-NM ved Strengen med Todalen Idrettslag som arrangør. Det var egentleg duka for stor NM-helg på Kårvatn, men snømangel sette ein effektiv stoppar for det. I Strengen-området er det meir snø slik at NM-konkurransen kan avviklast, medan resten av rennøvelsane går ut. Rennledar Nils Ove Bruset fortel at det er fine forhold i Strengen, og det blir nok kamp om medaljene.

Les heile saka

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2013

Regnvêret dei siste dagane skaper problem for NM-arrangøren Todalen idrettslag. Det er no klar at det ikkje blir arrangement på Kårvatn slik det var planlagt. Snøtilhøva på Kårvatn og i området opp mot Tydalsnebba gjer det umuleg å gjennomføre arrangementet her, fortel rennledar Nils Ove Bruset. Men har enno håp om å kunne gjennomføre det eine løpet som er Randonee-NM ved å flytte arrangementet til Sæterlia i Surnadal.

Les heile saka