Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Karin Halle ny ledar i Todalen I.L.

Karin Halle ny ledar i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2013

På årsmøtet til Todalen I.L. sist torsdag, vart Karin Helen Halle valgt til ny ledar. Ho tek over ledar klubba etter Kari Kvendset som no takkar av etter sin andre periode som ledar. Eit 20-tals medlemar var tilstades på årsmøtet i Todalen ungdomshus. Todalen idrettslag har rundt 210 medlemar, og det vil seie at 2 av 3 todalingar er medlem i laget.

Årsmelding og rekneskap la for dagen at det er stor aktivitet i laget, og at laget har eit solid fundament i bygdefolket. Akkurat noe er det millionprosjektet med ny lysløype som har størst fokus. Den nye lysløypa blir flytta til Tjønnmyra, der arbeidet starta i fjor haust, og anlegget er venta feridig til neste vintersesong. I tillegg er eit prosjekt med nytt treningsstudio i gang. Begge prosjekta fordrar ein god del dugnadsarbeid frå medlemane.

Årsmøtet var raskt avvikla og både årsmelding og  rekneskap for 2012 og budsjett for 2013 vart vedteke.  Laget har god økonomi etter mange år med Todalshelger og Todalsdagar med solide overskot, så til tross for opprusting av eigedomane er det pengar på bok i laget. Under valget vart altså Karin Halle ny styreledar, medan Knutt Bergli fikk fornya tillit som kasserar.  Her kan du laste ned oppdatert  liste over alle tillitsvalgte i laget etter valget 2013.

Sportslig har det vore størst aktivitet i fotballgruppa, der laget har hatt eit utstrakt samarbeid med I.L. Søya og Kvass/Ulvungen, med det er også stor aktivitet i trimgruppa som aktiviserer vanleg folk og born til å drive fysisk aktivitet. Vinteren med lite snø og mykje berrfrost har nok lagt ein ekstra dempar på skiaktivitetane men laget har stått som arrangør av NorgesCup i randonee på Kårvatn. Sist vinter hadde laget også NM-arrangement, som var flytta frå Kårvatn til Strengen på grunn av snømangel.

Publisert: 22. mars 2013, 17:04