Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Treningsstudio på dugnad

Treningsstudio på dugnad

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2013

Det gamle postkontoret kjem til heder og verdighet igjen. Ein gjeng ungdomar er i full gang med oppussing av lokala for å lage treningsstudio, og dei satsar på å ha alt klart til ferien, eller der omkring. Arbeidet skjer i regi av Todalen Idrettslag, og det er Knut Jarle Bergli som er styret mann og prosjektledar for dette prosjektet. I tillegg til det gamle postkontoret skal garasjen på baksida bli ein del av det nye treningsstudioet som blir på mellom 50 og 60 m2.

Det var ein iherdig gjeng som var i aksjon onsdag kveld, og målet for kvelden var å få til opning mellom dei to romma som tilsaman skal bli det nye treningsstudioet. Knut fortel at det er plana at ein skal skaffe ein del brukte treningsapparat og tredemøller i starten, slik at det skal bli ei billeg løysing for å kome igang. Lokala er det Talgø som stiller til disposisjon, og dei har og fått lova rimelige materialer til oppussingsarbeidet. Men arbeidet må dei gjera sjølve, og det skjer altså på dugnad om kveldane når dei har tid.

I naborommet har Todalen I.L. eit lite solstudio, der det er plassert ei solseng som er sjølvbetjent med ein myntautomat. Den har vore i drift i fleire år, og blir mykje bruka – og gir eit lite overskudd til laget. Ungdomane hadde også forslag til namn på det nye studioet – forslaget var «Jarles Tan & Fitness»  – presentert med eit lurt smil.  Knut var ikkje heilt sikker på at det kom til å bli førstevalget, men han lova iallfall at det skulle bli eit namn og sjølvsagt skilt på veggen når anlegget blir ferdig ein gong ut mot sommaren.