Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7120 artiklar i dette arkivet.


Søya vart kvalitetklubb

Søya vart kvalitetklubb

Jon Olav Ørsal Måndag 28. januar 2013

8 nye klubber fikk sin status som kvalitetsklubb i helga etter at eit imponerende arbeid er gjort.  I.L. Søya og Surnadal I.L. var to av dei nye klubbane som fekk sin status for nivå 1.  Dette er ein mipæl for kretsen, seier ledar StigNergård etter utnevninga i helga. Nordmøre og Romsdal Fotballkrets er først i landet med […]


Bjøråa vassverk i stabil drift

Bjøråa vassverk i stabil drift

Jon Olav Ørsal Sundag 27. januar 2013

Problema med tilføring av vatn til Bjøråa vassverk ser ut til å vera løyst. Det er no betre tilsig, og vi reknar med at det no skal bli tilnærma vanleg drift, seier vakthavende på kommunalteknikk Odd Einmo til Todalen.no. Søndag føremiddag var det litt problem med luft i pumpeanlegget, men etter lufting av anlegget og kontrollert oppkøyring igjen, så skal det no være vatn i kranane til abonnentane.

Les heile saka

Magne fikk velfortjent hederspris

Magne fikk velfortjent hederspris

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag kveld fikk Magne Hansen publikums hederpris på idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Dei øvrige prisane gikk til Andrea Einmo Engdal (taekwondo) som årets utøvar og til Birgith Løseth som Årets ildsjel. Du kan lese meir om drettens festkveld på Driva.no.


Kosa seg på sjøisen

Kosa seg på sjøisen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.

Les heile saka

Sikra ferskfisk til middag

Sikra ferskfisk til middag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Kristian og Frikk er habile fiskarar både sommar og vinter. Dei har no venta lenge på sjøisen, og endeleg vart det sjøis av det skikkelege slaget, og da bar det utpå med snøre og pilk. Laurdag med skulefri vart nytta til heildag på sjøisen. isen ligg no helilt ut til Gjengstøa. Og fisk fikk dei, og  her er dei […]


29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!

29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.

Les heile saka

Fornya avtale om fotballsamarbeid

Fornya avtale om fotballsamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Torsdag kveld var det klart for å fornye avtalen om fotballsamarbeid mellom Kvass/Ulvungen, I.L. Søya og Todalen. Avtalen som vart signert er ei vidareføring av fjorårets avtale, og vil gjelde eit småjentelag (J14), småguttelag (G14), samt seniorlag  i 6-divisjon. Da er det klart at det blir seriekampar både på Bordholmen, Leikvoll og Søyabanen denne sesongen også. […]


Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Surnadal kommune melder at situasjonen framleis er vansleleg for vassforsyninga frå Bjøråa vassverk som dei driftar. Kommunen har i dag, utan særleg hell , undersøkt mulegheita for å auke tilsiget til brønnen. Slik situasjonen er fredag ettermiddag, vil abonnentane vil tidvis kunne tappe vatn, men vil vere utan vatn i den tida det tar å […]


Skog-Kompaniet søker etter driftsleder

Skog-Kompaniet søker etter driftsleder

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Det har i vinter vært bra aktivtet for Skog-kompaniet, og det ser ut til å holde seg videre utover året, sier daglig leder Kristen Bruset. Skog-kompaniet søker derfor etter driftsleder, som skal forsterke selskapets administrasjon som holder til på Skei i Surnadal. Skogkompaniet leverer et bredt spekter av skogstjnester, både som entreprenør og i form av konsulenttjenester. En stor del av oppdragene for selskapet er skogrydding langs offentlige veier og rydding rundt onleggsområder.

Les heile saka

Lysløypa tek form…

Lysløypa tek form…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. januar 2013

Arbeidet på lysløypa på Tjønnmyra er godt i gang, og prosjektet som er kostnadsrekna til nærare 900.000 skal være klart til bruk til neste skisesong, fortel ledar i anleggskomiteen Nils Ove Bruset. Laurdag var vi med anleggskomiteen på synfaring i anlegget, og det må kunne seiast at det såg imponerande ut. Det er entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og det fine vintervêret har gjort at det har vore fine arbeidtilhøve så langt i vinter.

Les heile saka

Øvde på jaktskyting

Øvde på jaktskyting

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. januar 2013

Tysdag kveld var jaktsimulatoren i «eldlinja» igjen i Ungdomshuset. Den var bruka i eit programinnslag på Hjortfesta, og medan den enno var i bygda vart det arrangert open kveld med jaktskyting for alle som hadde lyst. Simulatoren var basert på laserteknologi i kombinasjon med film, og fungerte egentleg som eit dataspel. Utstyret var lånt av Jeger og Fisk, og vart drifta av ei datamskin.

Les heile saka

Hjortfest med prisutdeling

Hjortfest med prisutdeling

Jon Olav Ørsal Sundag 20. januar 2013

Hjortfesta i Todalen blir tradisjonelt arrangert i slutten av november, men av ymse årsaker vart Hjortfesta 2012 utsett til januar. Laurdag kveld var et 70-tals todalingar og andre gjestar samla til fest i Todalen ungdomshus. Denne gongen var turen komen for Kvennset jaktlag for å være vertskap, og dei kunne by på velsmakande viltgryte, simulatorjakt og kveldens høgdepunkt som var utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron».

Les heile saka