Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lysløypetraseen snart ferdig

Lysløypetraseen snart ferdig

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2013

Per E. Gjeldnes som er hovudentreprenør for den nye lysløypa på Tjønnmyra, er snart ferdig med 1. fase av anleggsarbeidet. Det har i vinter vore gode arbeidstilhøve på anlegget, og det meste av masseflyttinga er unnagjort.  Det er enno solid tele i marka, og no må det heile få tine, slik at ein kan sjå kvar det er behov for å fylle på meir masse. Det er også naudsynt at mykje av massen som er flytta får tine før ein får gjort jobben med opprydding og finpuss.  Deretter blir det mykje dugnadsarbeid med reising av pålar og montering av lysanlegget før det kan takast i bruk til neste skisesong.

Per Gjeldnes starta arbeidet før jul, og reknar med å bli ferdig med det meste av grovarbeidet før han tek påskeferie. Heile traseen er no ferdig, og det er bygd ny veg frå kommunevegen og opp til anlegget. Siste del av masseflyttinga pågår no, med oppfylling av den nye parkeringsplassen. Mykje av arbeidet med montering av lysanlegget er basert på dugnad.  Det vil starte seinare i år når det er telefritt og dettte arbeidet vil pågå til anlegget er ferdig ein gong utpå hausten.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen til Tjønnmyra.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. mars 2013, 21:00