Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vasslaus til 17. mai?

Vasslaus til 17. mai?

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2013

Lars Redalen har ein fast prosedyre kvar mogon. Da rullar han ut vass-slangen frå fjøset i Austigarden til fjøset i Viastua for å kople seg på vassanlegget. Det har han gjort i godt over 2 månader no, heilt sia vatnet fraus i midten av januar. Og framtidsutsikta er nok å fortsette med det, kanskje heilt til 17. mai og kanskje lenger. Det er påvist at telen enkelte plassar går meir enn 2 meter ned, og det er enno titals kuldegrader om natta.

Det blir litt tungvint i det lange løp, innrømmer Lars. Dei bor to familiar i Austigarden, og i påska ventar dei påskegjestar!  Men vi gjer det beste ut av det, og det er nok berre utruleg kva ein blir vant til, seier han.  Samtidig rosar han Gudmund i Viastua som er velvillig vassleverandør gjennom ei glipe på vinduet i Viastufjøset.

Og kaldvêret kjem til å fortsette, seier Lars. Som lokal vêrspåmann veit han kva han snakkar om, og han har nok studert almanakken for å prøve å finne ei løysing på vassløysa og kaldvêret. Men der er det inga hjelp å finne, for alt tyder på at det ikkje blir noko skifte før i månadsskiftet april/mai, slår han fast.  Vi får berre vente og sjå kor det går!

Publisert: 26. mars 2013, 16:23