Inviterer til frokost på 17. mai
Onsdag kveld var det førebuing til årets 17.-frokost på Bordholmen. Det er fotballgruppa i Todalen I.L. som inviterer heile bygda til friluftsfrokost 17. mai etter at biltoget er ferdig. Starten på biltoget er kl 09.30, med oppmøte ved Matkroken L. Hals. Biltoget går oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka og nedover igjen til Bordholmen og frokost der. I fjor var det 148 som deltok på frokostarrangementet, men i år kjem det sikkert fleire i det fine sommarvêret som er meldt. For yr.no melder nemleg 20 varmegrader kl 11.
Les heile saka