Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vårsøghelga i gang

Vårsøghelga i gang

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2013

Onsdag var det start på Vårsøghelga. Den ofisielle opninga skjedde i foajen på kulturhuset, der årets Vårsøgkunstner Oddvar Hermannson Torsheim ble presentert. Videre fortsette arrangementet med Ørasus i Storstua, der plateselskapet Øra Fonogram markerte slepp av 5 plater med ein flott konsert der 4 av dei 5 artistane deltok.

Det var Helge Gravvold, med tekster fra sin onkel Jørgen Gravvold. Surnadaling Ingebjørg Loe Bjørnstad med tekster på dialekt,  saman  med Frode Haltli. Vårsøg følgjer opp suksessen frå  Vårsøg på CD, med oppfølgjaren «Sola e komma». Jazzmusikar Mattis Kleppen med variasjoner fra folkemusikk til blues. I tillegg slapp «Tullekattesnutene» (Kirsti Huke og Siri Gjære) barneplate tidligere på dagen.

Vårsøghelga fortsett torsdag med variert program gjennom heile dagen, og i kveldens program kl 21 er det Sleivspark og jam, med fotballpub og underhaldning på Sandemann scene på Vårsøg hotell, med Ragnhild Lund Ansnes, Jostein Ansnes, Johan Øiestad, og ikkje minst Husbybrørne med urframføring av sin første song med norske tekster – “Kjeinn kor sola brinnj”.

Årets Kleivakveld kjem på sjølvaste 17. mai, der programmet startar på Kleiva kl 19. På programmet står Gøran Fristorp, Walid al-Kubaisi, Sigurd Julius, Henning Sommerro og John Pål Inderberg, diktmønstring, Kleivapris m.m.   Her finn du heile programmet for årets Vårsøghelg.

Publisert: 16. mai 2013, 07:37