Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang Folkets Hus – Aunet.

Stavgang Folkets Hus – Aunet.

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest den 16. mai ved Folkets Hus. Etter at Martinus Torvik hadde ønskt deltakarane velkomne, overlet han roret til turleiar Olav Øye. Han sa at vi skulle gå opp til Hamaren og Aunet, og på turen fortalde han kvar folk budde og kva stadene heitte.

Trass i sein vår hadde maisola teke godt oppi bakkane her, så både gras og blomar kika så smått opp av jorda, og langs vegen kunne vi sjå både geiter og sauer i beitene. Stor takk til turleiar Olav Øye.   

Bildegalleri frå turen.  Alle foto: Vidar Sogge

 

Publisert: 16. mai 2013, 18:00