Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skogkompaniet endrar eigarstruktur

Skogkompaniet endrar eigarstruktur

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. mai 2013

Skog-Kompaniet AS i Surnadal endrar eigarstruktur, der 3 nye eigarar kjem inn og 3 av dei gamle eigarane går ut. I ei pressemelding fortel dei at Ura Holding AS, Alsco AS og Krogset Veg og Miljø AS er dei tre nye eigarane, og dette er firma som driv i same eller liknande verksemd. Skog-Kompaniet AS sysselsett  i dag 10-15 personar, alt etter sesong, og skogrydding langs vegane er hovudversemda for selskapet, fortel dagleg leiar Kristen Bruset

Dei har stor tru på at rydding langs norske vegar blir ein svert viktig funksjon også i tida framover, så dette vil også bli det viktigaste satsingsområdet der selskapet har ønske om å bli ein betydeleg aktør. Her kan du laste ned pressemeldinga frå Skog-Kompaniet AS.

Først publisert: 7. mai 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 6. mai 2013, 22:37