Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7051 artiklar i dette arkivet.


«Maursund» stakk til havs

«Maursund» stakk til havs

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2013

Etter at dei to siste turane frå Todalen til Svinvika var gjort unna, stakk Maursund til havs og på heimveg til Harstad. Oppdraget var fullført, og nå er det fokus på neste oppdrag som er brønnboring på Svalbard. Det var mesta vemodig å ta avskjed med det trivelege mannskapet på 5, som har stått på for å frakte todalingar og andre sia dei kom hit natt til måndag 5. august. I skrivande stund, tysdag kl 18.50, er dei på veg forbi Brekstad på Ørlandet på stø kurs mot Harstad.

Les heile saka

Mot innspurten på laksefisket

Mot innspurten på laksefisket

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2013

Torsdag 15. august kl 24 er det definitivt slutt på laksefisket i Toåa for i år. Denne sesongen går nok over i historia som ein av dei svakaste sesongane på lenge. Kor mange laks og sjøaure som er resultatet av årets sesong veit vi ikkje enno, men det har vore lite fisk og lita vassforing i elva. Det gir til saman ein dårleg kombinasjon. Etter regnveret det siste døgnet er vassføringa i skrivende stund i overkant stor. Men etter som nedbørmenga no tek av, vil nok vassføringa dei neste dagane bli perfekt for det tradisjonelle aurefisket i august.

Les heile saka

Borten Moe var imponert over handteringa av rassituasjonen

Borten Moe var imponert over handteringa av rassituasjonen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. august 2013

Statsråd Ola Borten Moe besøkte tysdag Todalen. Han var i området i forbindelse med valgkampstarten, men under besøket i Todalen var han meir interessert i korleis involverte partar hadde handtert problema som raset har medført for Todalingane, kommunen, Svorka energ og Vegvesenet. Og han var imponert over den handlekrafta som har vore vist i denne samanhengen.

Les heile saka

Fungerte perfekt – oppdatert

Fungerte perfekt – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Førdefjord kom til Todalen på prøvetur måndag kveld. Den nye ferjelemmen furngerte perfekt, og ferje hadde ingen problem med å legge til. Dermed er det klart for å starte trafikk på strekninga Todalen – Kvanne, og den første turen går frå Kvanne tysdag morgon kl 8.15 og frå Todalen 9.15. Sjå elles om nye rutetider […]


Maursund er heime i Harstad

Maursund er heime i Harstad

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Torsdag morgon tikka det inn e-post med helsing frå mannskapet på Maursund. I dag tidleg passerte dei Tranøy fyr i Vestfjorden, og hadde ikkje så langt att før dei var heime i Harstad. Styrmann Rune Straamyr skriv at dei har hatt ein fin tur nordover, og skriv vidare: «Turen hjemover har vært en flott reise i et nydelig vær. Vi hadde noe regn frem til passering av Rørvik. En opplevelse har denne perioden hos dere i Todalen vært. Å kunne hjelpe til i den sitvasjonen dere var i, gir oss en god følelse.

Les heile saka

Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Frå tysdag morgon ligg det no til rette for at ferja «Førdefjord» kan starte trafikken mellom Todalen og Kvanne. Det er no nærast berre finpussen som står att, og dersom alt går etter plana vil «Førdefjord» ta ein prøvetur i løpet av kvelden. Da får ein testa at alt fungerer som det skal, før ferja blir sett inn i trafikk, fortel anleggsledar Petter Husby frå Vegvesenet. Førdefjord er i skrivande stund (kl 18.00) på veg ut Nordsundet i Kristiansund, på veg til Todalen for å prøve den nye kaia.

Les heile saka

Veit du om Myrråkbolten?

Veit du om Myrråkbolten?

Jon Bruset, tekst og foto Måndag 12. august 2013

Mange har sikkert hørt om eller sett bilde av Kjeragbolten ved Lysefjorden i Rogaland. Vår lokale “bolt” oppi juvet til Myrråkja er i litt mindre målestokk, og sikkert ukjent for mange. Den er å finne omtrent midt i lia i oppstigninga frå Hardholten til Storfjellet. Er ikkje synleg frå stien på austsida av elva, men er lett å sjå om ein går den gamle stien på andre sida.

Les heile saka

Hagelaget til Trondheim på inspirasjonstur

Hagelaget til Trondheim på inspirasjonstur

Sverre Kjølstad Måndag 12. august 2013

Surnadal Hagelag gjennomførte den årlige sommerturen lørdag 10. august under kyndig ledelse av nestleder i hagelaget, Ildri Skuggevik. Ildri viste også fremragende egenskaper som guide da hun loset oss gjennom Trondheim by med stengte gater pga. veiarbeid, og mange omkjøringer for å finne fram. I overkant av 30 personer, mest damer, hadde benket seg i bussen da vi startet fra Skei kl. 8. Denne gang gjekk turen til Malvik, Ringve og Bakklandet.

Les heile saka

Tysdag: Siste bailldag på Todalshytta i år

Tysdag: Siste bailldag på Todalshytta i år

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Det går mot sesongslutt på KNT Todalshytta for i år. Siste bailldag blir tysdag 13. august, så da blir det siste sjangse for å kjøpe Åses potetball på Todalshytta. Siste dag Todalshytta er døgnopen blir søndag 18. august. Etter den datoen kan Åse ta i mot private arrangement eller overnattinga berre etter avtale. Nytt derfor […]


Står på for å få ferjekaia klar…

Står på for å få ferjekaia klar…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2013

På ferjekaia ved settefiskanlegget har det vore jobba heile helga for å få anlegget operativt. Det står enno att ein del monteringsarbeid, og så skal det fylles opp med masse slik at nivået på vegen blir rett i forhold til ferjelemmen. Dette arbeidet vil kanskje starte i ettermiddag så nar det blir rydda plass, fortel byggeledar Petter Husby i Vegvesenet.

Les heile saka

Snart er oppdraget ferdig…

Snart er oppdraget ferdig…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2013

Laurdag morgon vart det tid for eit lite «fjordcruise» med «MS Maursund» på første avgangen frå Todalen. Turen hadde dobbel hensikt; å få ein prat med mannskapet og for å kome nærare rasstaden for å få betre bilde av helikopteret og vassbombinga som var i full gang. Var eigentleg spent på om det kom så mange bilar og passasjerar som skulle væra med at det kanskje ikkje var plass, men med 4 bilar var ikkje det noko problem.

Les heile saka

Ingvar feira nitti!

Ingvar feira nitti!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

I kaffekroken på Halsbua vart det feiring med blautkake i dag. Ingvar Øyen fylte nemleg 90 år den 10. august, og slike dagar med runde tal er det naturleg å feire litt. Ingvar er «still going strong» og kom køyrande på handel i bilen sin til den enkle feiringa i Kaffekroken. Han røpa at han […]