Store tap – sauehaldet i Todalen mot slutten?
Når du mister nærare 1/4 av besetninga på beite er det dramatisk! Det er Ola G. Kvendset som seier dette til Todalen.no. Ola tok over drifta av heimgarden Viastua fra 1. juli i år, og opplever at 17 av dei 83 spelsauene som vart sendte på sommarbeite i Kvennsetdalen/Lauvåfjellområdet blir borte. Han hadde lenge håp om å finne att fleire, men må nok innsjå at håpet svinner. I så fall er det over 20 % av besetninga som er borte. Dei fleste tapa er nok knytta til rovdyr, for vi finn ikkje kadaver. Det er nok eit sikkert tegn på at jerven har herja i saueflokken, seier han. I Viastua var det liknande tak i fjor, og Ola seier at slik går det ikkje an å fortsette.
Les heile saka