Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sola er tilbake på «prærien»…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2014

Vi går no inn i siste uka i januar, og kan glede oss over at sola er på veg tilbake. I Todalen er det nok i første omgang i Sissigrenda og på Kvennsetørå at vi hittil har kunna nytt dei første solstrålane, men neste veke vil nok både Smålandsgrenda og Husbygrenda få føling med sola igjen. Og resten av bygda følgjer nok etter kvart….

Det tek nok enno ein stor månad før Brusetmarka blir velsingna med sol.  Der vil nok bratte lier med høg horisont stenge sola ute til vi når mars måned.  Men det er nok ei stund til vi kan finne fram hagemøblane enno, vi må nok rekne med å skrive mai månad før vi begynner å få skikkeleg varme frå sola.

Vêrmeldinga på YR.NO byr på søraustleg vindretning heile 10-dagersvarslet og det er ingen nedbør i sikte så langt vi kan sjå på langtidsvarseklet. Når det gjeld temperaturen i langtidsvarselet, så kan vi vente litt kaldare vêr dei neste dagane, med temperatur ned mot -7 grader.

TodalenFraHalset_8372

På «Prærien » er sola komen att den siste veka, og no blir det vel sol på resten av bygda også, etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

Kvennset_8371

Sissigrenda og innover til Talgøfabrikken har fått att sola. Foto: Jon Olav Ørsal

Brusetmarka_8376

I Brusetmarka må dei nok vente til mars før sola kjem att. Foto: Jon Olav ØrsaL

Publisert: 24. januar 2014, 19:56