Har du mista ein caps?
Reidar Østvik har funne ein flott grønn caps som saknar sin eigarmann. Er det du som har mista den, er det berre å ta kontakt med Reidar Østvik (tlf 913 37 157) på Elvestad så får du den att!
Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.
Reidar Østvik har funne ein flott grønn caps som saknar sin eigarmann. Er det du som har mista den, er det berre å ta kontakt med Reidar Østvik (tlf 913 37 157) på Elvestad så får du den att!
Da er vi klare med oktoberbloggen, og den kommer denne gangen fra østlandet, nærmere bestemt fra Skedsmokorset. Der er det en brusetmarking som har sendt oss et blogginnlegg, og vi trur det kan være interessant lesning for «en og kvar». Ta vel i mot Turid!
Denne helga har det vore stor aktivitet med jakt både etter hjort og elg, men største overraskinga fekk kanskje Nils Gjeldnes når han skulle sette seg på post på jerveåta – for der var jerven i full gang med å meske seg med slakteavfall. Dermed bar det over på «de evige jaktmarker» for denne gamle hojerven.
Om vi ikkje må gå 5 timar for å hente vatn, så er det iallfall vår tur til å gå med innsamlingsbøsser i samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp og NRK i årets store innsamlingsaksjon på NRK-TV – «Vann forandrer alt». I heile landet er det i dag 98763 bøssebærarar som er ute – nokre av dei i Todalen. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra di!
Surnadal og Rindal lensmannskontor ønskjer tips om eit sykkeltjuveri på Kvennset i Todalen. Det skjedde fredag 10. oktober eller muleg natt til laurdag, da en kvit hybridsykkel av merket GT Transeo (2013-modell) stolen. Politiet ber om at du tek kontakt på telefon 71 65 87 50 dersom du har sett sykkelen eller har tips i saka.
Det er Eystein Opdøl som etterlyser sau og 2 lam som i sommar har beita i området ved Bjøråskaret. Sauen og det eine lammet er svart, medan det andre lammet er kvitt. Dyra har vore sett i området den seinare tida, og Eystein fortel at han har vore oppe og leita etter dei 5 gong – seinast onsdag da han starta frå Innerdalsmerket og gjekk over Bjøråskaret, utan å sjå snurten av dyra.
Våningshuset på Midtbø i Smålandsgrenda, eller Stuå, som vi seier i daglegtale, gikk bokstaveleg opp i røyk torsdag. Det var slett ikkje nokon dramatisk brann, men snakk om riving og kontrollert brenning. Det er Steffi og Carsten, som hadde kjøpt eigedomen no i haust, og som hadde tankar om å restaurere og modernisere eigedommen. Steffi og Carsten er opprinneleg frå Tyskland, men har bodd i Todalen det siste året, – og har no planer om å slå seg til for godt.
Onsdag står det fårikål på menyen på Eldremiddagen. Da er det høve til å smake på årets lam, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Ho ønskjer nye og gamle medlemar veloken til middag i Sanitetshuset onsdag til vanleg tid kl 13.00.
Sia natt til laurdag har Netcoms basestasjon på Halset i Todalen vore ute av drift. I nattens «mulm og mørke» vart dekninga redusert til sporadisk signal som sikkert nok kjem frå basen på Strengen eller andre plassar. Telenor mobil har fullt signal og fungerer nok som vanleg. Frå måndag kl 8.10 var feilen utbetra og det var atter full dekning.
Søndag arrangerer idrettslagets trimgruppe basar saman med ski-og friidrettsgruppa. Det skjer i Ungdomshuset, og basaren startar kl 16. Ein av postane på programmet er utdeling av utmerkelsar i samband med aktivitetar i trim- og friidrettsgruppa. Det skjer ca kl 17 og etterpå blir det trekkjing.
Denne helga er det nok fleire jaktlag som nyttar finvêret og har stukket til skogs på jakt etter hjort og elg. Jaktlaget på sørsia fikk resultat alt under første jaginga i Øyalia ovafor Ungdomshuset, der det vart felt 2 dyr – ei kolle og ein 8-spirs bukk.
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag siste utflukt denne sesongen. Vanslegvis brukar vinteren å krype innpå denne tida av året, men i år ser det ut til å blir fint turvêr til overs. Men terminlista for haustaktivitetane hadde altså årets siste fellestur på plana torsdag og det er tradisjon med sesongslutt i klubbhuset på Vang skiàrena, der det var traktering med kaffe med tilhøyrande graut og bakels. Men her var det ei overrasking i år….