Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både hjort, elg og jerv denne helga – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 19. oktober 2014

Denne helga har det vore stor aktivitet med jakt både etter hjort og elg, men største overraskinga fekk kanskje Nils Gjeldnes når han skulle sette seg på post på jerveåta – for der var jerven i full gang med å meske seg med slakteavfall. Dermed bar det over på «de evige jaktmarker» for denne gamle hojerven.

Jerv_2014_10_19_8119

Ein liten hanjerv vart felt ved Hjellnessetra søndag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Da Gjeldnes kom opp til jakttårnet ved Hjellnessetra var jerven alt komen på åta, og i full gang med å sikre seg eit skikkeleg måltid med diverse slakteavfall som var lagt ut. Dermed var det berre å prøve å kome seg på skikkeleg skothald uten å bli oppdaga. Men jerven var så oppteken med sitt, at Nils fikk inn eit velretta skot som tok livet av jerven.  Dette er den første jerven av i alt 5 jervar som i haust/vinter kan fellast i områder utan mål om yngling i Møre og Romsdal.

Måndag var Lars Olav Lund frå SNO på besøk. Han konkluderte med at det var ein gammel hojerv som Nils hadde skote denne gongen, etter tennene å dømme. Han trudde kanskje at det var denne hojerven som som hadde jervungane som var tekne ut frå eit hi i Trollheimen i vår, men var ikkje sikker på det. Men jerven var ikkje merka og har derfor ikkje vore fanga tidlegare. No skal prøvar sendast inn og analyserast for å sjå om SNO har hatt DNA frå jerven tidlegare.

I Trollheimen – det vil seie på nordsida av Sunndalen og heile Trollheimen (sjå kartet) er det ikkje noko mål om å ha ynglande jerv, og difor opna for lisensjakt i perioden 10.9.2014 til 15.2.2015, der det er tildelt ein kvote på 5 dyr. Jerven som vart felt ved Hjellnessetra er den første av den kvoten.

JohnMoe1157

John Moe med kronhjorten frå Rognhola. Foto: privat

 Som sagt har fleire jaktlag vore ute på jakt denne helga, med litt varierande reultat. På sørsida er helgas resultat 2 kronhjortar – ein på Rauåhjellen på laurdag og ein ved rognhola, øverst i Haukådalen søndag. Halle & Husby har felt ein hjort i Romådalen på laurdag og Talgø/Kårvatn er det felt ein liten elgokse laurdag og ein 6-spiring ved Gammelsetra  i Gammelseterdalen på søndag. Kvennset jaktlag har hatt jaktfri denne helga.

jaktlaget_samla_8108

Jaktlaget på sørsida med dei fleste jegrane samla etter endt jakt søndag. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 19. oktober 2014, 21:06 - Sist oppdatert: 20. oktober 2014, 19:31