Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Netcom – utan dekning i Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 12. oktober 2014

Sia natt til laurdag har  Netcoms basestasjon på Halset i Todalen vore ute av drift.  I nattens «mulm og mørke» vart dekninga redusert til sporadisk signal som sikkert nok kjem frå basen på Strengen eller andre plassar. Telenor mobil har fullt signal og fungerer nok som vanleg.  Frå måndag kl 8.10 var feilen utbetra og det var atter full dekning.

Vi kjenner føreløpig ikke til kva som er årsak til den manglande mobildekninga for Netcom sitt nett.  Saka blir oppdatert etter kvart. Kontakt med NetComs kundesenter stadfestar at det er meldt om feil, men dei kunne ikkje seie noko om når feilen kunne bli retta!

Oppdatert søndag ettermiddag:

Ved kontakt med Netcoms kundesørvis får vi opplyst at det er eit kabelproblem som er årsak til utfallet ved basestasjonen i Todalen. Fikk forståelse av at det arbeides med problemet og at basestasjonen skal kome i drift igjen i søndagkveld eller måndag.

Den digitale informasjon som ligg på NetComs nettside om dekningsutfall.

Den digitale informasjon som ligg på NetComs nettside om dekningsutfall.

 

Først publisert: 12. oktober 2014, 14:10 - Sist oppdatert: 13. oktober 2014, 15:20