Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfall i Øyalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. oktober 2014

Denne helga er det nok fleire jaktlag som nyttar finvêret og har stukket til skogs på jakt etter hjort og elg. Jaktlaget på sørsia fikk resultat alt under første jaginga i Øyalia ovafor Ungdomshuset, der det vart felt 2 dyr – ei kolle og ein 8-spirs bukk.

Da vi stakk innom var slaktarane ferdige med det første dyret, og 8-spiringen var komen på slaktebukken og klar for kniven.  Etter at slaktinga var ferdig vart mannskapet gruppert ut på nytt og kva resultatet vart av dei veit vi ikkje noko om.

Publisert: 11. oktober 2014, 14:27