Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stuå gikk opp i røyk…

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. oktober 2014

Våningshuset på Midtbø i Smålandsgrenda, eller Stuå, som vi seier i daglegtale, gikk bokstaveleg opp i røyk torsdag. Det var slett ikkje nokon dramatisk brann, men snakk om riving og kontrollert brenning. Det er Steffi og Carsten, som hadde kjøpt eigedomen no i haust, og som hadde tankar om å restaurere og modernisere eigedommen. Steffi og Carsten er opprinneleg frå Tyskland, men har bodd i Todalen det siste året, – og har no planer om å slå seg til for godt.

Etter at dei kjøpte eigedomen har dei oppdaga at huset på det næraste er oppspist av husbukk, og etter at fagfolk har sett på tilhøve vart dei tilrådd å rive huset og heller satse på nybygg. Det er eit omfattande angrep av husbukk i heile huset, og dermed uforsvarleg å sette i gang med restaureringsarbeid. Etter at dei bestemte seg på å satse på nybygg i staden så starta rivingsarbeidet av dei gamle husa som er frå 1860. Carsten har stått på seint og tidleg, og har revet huset i løpet av eit par månaders tid. Først vart alt revet ut innvendig, deretter har eternitlappen på veggane, steintak og til slutt vindua vorte demontert. Tilslutt sto berre skroget att, og det var så ødelagt av husbukken at det var berre såvidt det stod av seg sjølv.

Det brann godt i kjellaren - Carsten Bohle og Karl Johan Husby sørga for å mate bålet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det brann godt i kjellaren – Carsten og Karl Johan Husby sørga for å mate bålet. Foto: Jon Olav Ørsal

Torsdag var det så klart for å sette fyr på restane av huset. Med god hjelp av traktor, vinsj og motorsag har restane havna på bålet litt om senn. Kjellarromma vart bruka som bålplass, og der har det i dagens løp vore meir som ein smeltedigel, med full fyr heile dagen. Vi rekna med at det skulle bli litt av ei røykutvikling frå dette bålet, som skulle bli synleg på lang lei.  Men dei tørre materialene brann fin opp. Det har også vore blikkstille gjennom heile dagen, så det har ikkje vore noko problem med gnistregn som har sett nabolaget i fare. I skrivande stund, på ettermiddagen torsdag, var det enno ein god del att. Men det har gått jamt og trutt utover dagen og til kvelds skal nok det meste være borte.

Litt historikk: I bygdeboka står det at husa her vart bygd i 1860 på bygsla tomt. Det var da ei nystue som vart flytta hit frå Todalshaugen, og sett oppatt her, med fjøs og stue under same tak. I 1948 vart plassen kjøpt til sjølveige, saman med tilhøyrande skogteig.

Bildegalleri frå riving og brenning som har pågått den siste tida.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 16. oktober 2014, 14:53 - Sist oppdatert: 12. januar 2017, 08:45