Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7178 artiklar i dette arkivet.


Kjøp lodd, da vel!

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2015

Dei to blide damene satt på butikken for Superlotteriet til Todalen idrettslag – det tradisjonelle lotteriet som har trekning under Todalsdagen. Loddselgarjobben skal gå på omgang fram til Todalsdagen som arrangeres 27. juni – altså om 3 veker.


52/17 Søndagsturen til Svinvika

Jon Olav Ørsal Fredag 5. juni 2015

Denne helga går søndagsturen til Svinvika, og blir ein runde i Gammemelvegen. Da har du også ein ypperleg sjanse til å besøke Svinviks arboret i same slengen. Der er blomstringa på topp no, og heile hagen står i full flor. Her kan du også ta deg ein kaffepause i arboretet kaffeteria.


Musikalsk aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2015

Venner av Skulstuå inviterer til musikalsk aften onsdag 10.juni kl. 20.00 i Skulstuå. Tre habile trekkspelkarar underheld både med fengande musikk og ikkje minst gode historier mellom kvar melodi! Odd Arne Halaas (med aner frå Todalen) og Konrad Nerland har begge spela i Skulstuå tidlegare, og gler seg til å koma att!


Fenomenal konsert – aldri høyrt makan!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2015

Det vart ein fenomenal konsert på Gammelfabrikken onsdag kveld , og over 150 nytta høvet til å få med seg denne happeningen. Og det er da heller ikkje kvar dag ein får ein slik artistgalla på scena – her stilte nemleg Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville på scena på ein og same kveld! Og du kan snakke om stinn brakke! Publikum var med frå første tone, og gjennom 2 ½ time – heilt til ekstranummeret var slutt.


Godt med klimaskifte og nytt miljø…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Alf Bretteville og Johanna Demker hadde etablert seg med gitar og PC i sjølvbetjeningsbua i Ishuset da vi stakk innom Todalshytta på tysdag – godt i gang med skrivearbeidet og serverte smaksprøver – og klimpra på gitaren attåt. Det var faktisk Johanna som hadde fått ideen til å dra til Todalshytta i lag med fleire kollegaer


Trimtur til Høgbakkan

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Bli med på ein lett trimtur til Røskattvegen, Storfossen, Hegbakkan og ned att attmed Romåa. Guide på turen er Trygve Halle. Oppmøte ved Heggøyann torsdag 4. juni kl 18:30. Ta på fjellsko eller andre gode sko, og ta gjerne med ein termos til kaffepausen under vegs. Arrangør er T.I.L. Trimgruppa


Onsdag har du sjansen til signert bok!

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Vi har tidlegare omtala boka om «Søyådalen» som hadde premiere i Bondehuset i Stangvika i helga. Den offisielle salsstarten er onsdag 3. juni, og den dagen vil dei tre forfattarane bli å treffe på NMS Gjenbruk (Landbrukshuset) på Skei frå kl 12.00 og utover dagen. Da er det berre å stikke innom og kjøpe boka – og […]


Hagelaget på Spjelkaviktur

Sverre Kjølstad Tysdag 2. juni 2015

Etter et hvileår i 2014, hvor det ikke ble arrangert hagelagstur, var Surnadal Hagelag igjen på «banen» i år. Vanligvis har disse turene vært arrangert på lørdag, men i år ble det søndag
31. mai. I overkant av tjue hageentusiaster entret bussen ved kommunehuset, med avreise fra Skei kl 0700. Værutsiktene var ikke de beste, og underveis var regnelingene stadig frampå.


Hus til salgs i Husbygrenda

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Det er ikkje kvar dag det er hus til salgs i Todalen, men i dag finn vi faktisk eit bolighus på Finn.no som er lokalisert til boligfeltet i Husbygrenda. Det er Bjørnrud som no er lagt ut for salg, med ei prisantyding på 1.190.000. I tillegg til hovudhuset er det med garasje og uthus på den 1872 m2 stor sjølveigartomta.


Bruka 3 år på å skrive Søyådalsboka

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

I samband med Vårsøghelgas bokcafe i Bondehuset lanserte Stangvik historielag si nye bok «Søyådalen – Utmarkshistorie frå Eidet». Det er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes som har vore forfattarar for boka som er på heile 320 sider. Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned for å samle inn og systematisere all informasjonen, men resultatet har dei god grunn til å være stolte av.


Denne veka er det liv på Todalshytta!

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Denne veka er Todalshytta nærast gjort om til låtskrivar verkstad. Eit titals kjente tekstforfattarar og artistar er komne til Todalen og Todalshytta for å finne inspirasjon både hos kvarandre og i naturen her, og blir i Todalen til torsdag. Onsdag kveld inviterer dei til konsert på Gammelfabrikken i Brusetmarka – her blir det utekonsert dersom vêret tillet det, – men blir det surt og kaldt vil nok konserten bli ”inne i varmen”.


Ny målardugnad tysdag kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2015

Tysdag kveld frå kl 17 er det på’n igjen med målardugnad på Bordholmen. Målargjenen er komne godt i gang, og tysdag kveld er det meldt bra målarvêr og i løpet av et par kvelder skal jobben være unnagjort dersom det møter bra med mannskap, trur Knut Bergli i Todalen IL.