Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefestivalen: Folk kosa seg i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juni 2015

Arrangøren av Laksefestivalen har nok opplevd mangt slag vêrbruk oppgjennom tida, med i dag trefte dei iallfall på med den føste skikkelege sommardagen i år.  Det såg det ut til at folk sette stor pris på, og etter kvart vart det samla utruleg mykje folk på festivalområdet på Skei. Det var egentleg på høg tid at vi kunne litt sommarvarme, for vi nærmar oss tross alt St. Hans og solsnu!

Stor aktivitet var det på torgplassen på Skei og meir eller midre samanhengande nedover miljøgata, med mange salsboder og mykje rart å få kjøpt. Også i Amfisentret var det scene og aktitetar i samband med festivalen, og på plassen bortafor Svorka-bygget var det Tivoli med både karusellar og andre tilbod. Laurdag kveld fortsett festivalen med utekonsert igjen kl 21, – med Rednex, Døgnflue og DDE på scena.

Søndag byr programmet på sjakkturnering, helikopterflyging og marknadsgate alt frå kl 10. Men hovudattraksjonen på søndag er nok «Det store andeløpet» som skjer i elva Surna – med såpass stor vassføring blir nok eit spennande andeløp i år! det startar kl 14.  heile laksefestivalen rundar av kl 17.00 med avslutningsshow.

Ein rusletur i festivalområdet vart til eit lite bildegalleri frå ein del av aktivitetane som foregikk på området.             Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juni 2015, 20:57