Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slåttahelg – siloballer i tusental

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juni 2015

Fredag kom siloslåtten i gang for alvor, og denne helga har nok stått i siloslåttens tegn for dei fleste bøndene. Gjennom heile helga har slåmaskiner, forhaustarar og siloballpresser gått for fullt.  Vi har aldri sett så mange soloballar på ein gong i bygda som det var på søndag – når det meste var ferdig. Jon Bruset knipsa eit bilde frå Starhaugen søndag føremiddag, og den illustrerer godt denne slåttahelga.

Det er nok mang som har venta på finveret den siste tida – både med tanke på siloslått og plenslått. Når det på langtidsvarselet var gjeve signal om meir regn denne veka, så var det berre å hive seg rundt og nytta det gode slåttavêret som vi fekk frå fredag til og med søndag. Da var det meste overstått og denne veka blir det nok litt «etterrakster» og stabling av siloballar.

Til tross for mykje regn og lite varme utover våre rapporteres det om bra avlingar, både når det gjeld mengde og kvalitet. No får vi berre håpe at det blir fleire slike finvêrsdagar, slik at vi etterkvart kan finne fram badebuksa og nyte livet på terrassen innimellom.

Ein runde rundt bygda – rundballer i tusental!   Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. juni 2015, 10:26