Innsamlingsaksjonen: – vart tekne godt i mot
Innsamlingsaksjonen er i full gang – i Todalen har dei fleste heimane alt fått besøk av bøssebærarar. Todalen.no trefte 3 av dei da dei var ute på strekninga frå Ansneses til Kårvatn, og dei fortalte om stor givarglede blant todalingane. Rundt om i Noreg er det rundt 100.000 bøssebærarar som er ute for å samle inn pengar i årets innsamlingsaksjon som går til Regnskogfondet.