Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fornøyeleg revy – «Fær å sei det slik»

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. november 2015

Premieren for revyen «Fær å sei det slik» samla mesta full sal i kulturhuset onsdag kveld, og dei hausta mye applaus gjennom halvannen time med tettpakka revyprogram fram til finalen. Her var det hint til både Todalingar, Bøfjoringar og Rindalingar, og sjølvsagt til kommunens snøkanonar, men det var artig og skånsam humor dei dyktige scenekunstnarane hadde å by på. Har du ikkje kjøpt billett så har du enno sjansen – det kjøres revy 3 kveldar til – både torsdag, fredag og laurdag.

Svarrabærje teaterlag har produsert det meste av stoffet sjølv og det er lett å sjå at det er lagt ned ein stor innsats for å få ein slik revy på føttene. Det var mykje flott song og musikk gjennom revyen og vi må gi ein ekstra honnør til dei yngste aktørane – dei gjorde jammen ein god jobb på scena.

Følg linken så får du kjøpt deg billett til ei av dei tre siste forestillingane på Billettluka eller stikk innom kulturhuset!

Frå revyen «Fær å sei det slik» har vi lagt ut ein bildeserie – fotografert uten blits – og på frihand!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. november 2015, 00:10