Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stormflo uten storm

Jon Olav Ørsal Fredag 13. november 2015

For fredag og laurdag er det Obs!-varsel for Møre og Romsdal på Yr.no.  Det er meldt storm på kysten, med tilhørande høg flo.  Etter meldinga blir floa på det høgaste laurdag føremiddag, med 60-75 cm over normalen. Vi tok ein runde fredag i 12-tida, da floa var på det høgaste, og det var slettes ikkje nokon dramatikk – men høg flo var det.

StorFlo_Småbåthamna_4282

I båthamna var det motbakke for å kome ut på utliggaren, og landgangen låg delvis under vatn. Vi har også bilde frå området utafor fabrikken og fra Todalsøra – men altså ingen dramatikk og langt unna rekordnivået.  Her kan du lese meir om floa på kartverket sine nettsider.

StorFlo_badeplassen_4276

Mykje vatn ved badeplassen like innafor båthamna. Foto: Jon Olav Ørsal

StorFlo_Todalsøra_4288

Frå sjøsida på Todalsøra da floa var på topp fredag i 12-tida. Foto: Jon Olav Ørsal

StorFlo_TodalsøraNaust_4290

Dei gamle nausta på Todalsøra – og Nerbu i bakgrunnen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. november 2015, 18:00