Kan du tenke deg en utfordrende jobb i Talgø-konsernet?
Er du byggingeniør og på utkikk etter en ny og utfordrende jobb? Da er du kanskje den personen som Talgøkonsernet søker etter i sin stillingsannonse for byggingeniør til MøreTre?
Vi fann 7179 artiklar i dette arkivet.
Er du byggingeniør og på utkikk etter en ny og utfordrende jobb? Da er du kanskje den personen som Talgøkonsernet søker etter i sin stillingsannonse for byggingeniør til MøreTre?
Torsdag 17. mars kl 19.30 blir det årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. På dagsorden står vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Eventuelle saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 12. mars.
Vi fikk mange svar på konkurransen om å vinne den nye CD’n “The Meeting of the Waters”, som Jeff Wasserman hadde donert til lesarane på Todalen.no. Det var nok lett match, for alle hadde rett svar, så det vart ei rein trekking mellom deltakarane på vårt «lynlotteri». Den heldinge vinnaren vart Karen Johanne Talgø, som vil få premien i løpet av dagen.
Det er vinterferie og Surnadal kulturhus skal gjera sitt til at dagane blir enda meir minnerike – også for dei av oss som ikkje har ferie. Kinoen vil difor kjøre 20 framsyningar i løpet av dei komande 10 dagane! Her blir det flust med ekstraforestillingar både på dagtid og kveldstid med eit utval av filmar som dekkjer ønska til dei aller fleste.
For ei vekes tid sia hadde vi ein liten omtale om Jeff Wassermans nye CD “The Meeting of the Waters”. Denne veka dumpa det ein CD i postkassa, saman med ei helsing frå Jeff. CD’n er signert og nummerert og den lodder vi ut – eller rettare sagt brukar som premie til ein liten enkel konkurranse […]
I samband med barn i løype førstkomande søndag, vil det bli høve til å prøve seg på skimerket, melder ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag. Det er start kl 14.00, – og det skjer i lysløypa på Tjønnmyra.
Surnadal kommune lyser ut ledig stilling som brannkonstabel i Todalen. Brannlaget i Todalen består av 6 mann, og no er altså ei av stillingane ledig for snarleg tiltreding. Det lokale brannlaget har ein viktig funksjon i bygda, og dei har gjennom sin innsats klart å berge store verdia – vi nemner berre brannen på Todalsøra […]
Kårvatn Fjellutstyr har langope i morgon tysdag 16. februar frå kl 10-20. – Vi har ekstra gode tilbod på utvalde varer kun i morgon. Til dømes nokre skipakkar, soveposar, skredpakkar, dunjakkar, spadar, fortel butikksjef Laila Kvendset Bergli til Todalen.no. Det blir sal av kaffe, te, brus og marengskake!
Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe. Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe over folketonar frå Todalen .
Årets randoneehelg er over – kaldt var det, med temperaturar ned med 12-13 grader på søndag – men du verden for ei oppleving for både løparar, arrangør og funksjonærar som alle har stått på frå morgon til kveld. Det er egentleg veldig artig å være arrangør, når alle er så nøgde. Vêret og føret har […]
Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.
I samband med NM-arrangementet i Todalen inviterte Norges Skiforbund løparar, funksjonærar og arrangørar til eit lite arbeidsmøte på Talgø utstillingssenter laurdag ettermiddag. Hensikten med møtet var å prøve å stake ut kursen vidare for randoneesporten, fortel Martin Bartnes frå Norges skiforbund.