Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Held finvêret til påske?

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2016

Alle er nok spente på korleis påskevêret blir, og no ser vi kanskje konturane av påskevêret på yr.no. I langtidsvarselet ligg det nokre regdråpar og lurer over helga, men utover veka ser til å bli forholdsvis mildt med temperaturar opp mot 7-8 varmegrader.  – Men altså ubetydeleg med nedbør og kanskje litt solgløtt utover veka.

Neste veke melder meteorologane om eit høgtrykk mellom Norge og England, men dei er uenige om kor lenge det blir liggande. Men det ser i allfal ut til å halde til palmesøndag. Vi kan vel berre konkludere med at vi får følge med og sjå korleis det utviklar seg.

Publisert: 11. mars 2016, 09:41