Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tor Hansen og «Ung fisker» til topps…

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mars 2016

Todalen.no hadde årsmøte tysdag kveld og i tillegg til vanlege årsmøtesaker stod kåring av «Årets bilete 2015» på agendaen.  Det er lesarane som stemmer fram «Årets bildete» frå dei 12 månadsvinnarane og i knivskarp konkurranse med dei 11 andre månadsvinnarar gikk altså Tor Hansen heilt til topps ikonkurransen med biletet «Ung fisker».  Motivet er ein flott solnedgang frå Nordmarka og premien er eit flott innrama eksemplar av vinnarbiletet.

DSC_7532

Frå årsmøtet i Todalen.no – Det er bedrifter, lag og organisasasjonar i nærområdet som «eig» Todalen.no. Foto: JOØ

Elles var det eit tradisjonelt årsmøte med gjennomgang av årsmelding og rekneskap og litt informasjon om aktivitetane i Todalen.no gjennom året.  Styret i Todalen.no har i 2015 hatt følgande sammansetning: styreleiar Sondre Halset, nestleiar Jo Gjeldnes og styremedlemar Elinor Bolme, Mari Brusethaug Redalen, Jon Olav Ørsal og Ole Petter Talgø og fikk fornya tillit for 2016.

DSC_7535

Sondre Halset fikk fornya tillit som styreleiar. Foto: JOØ

Todalen.no har i dag 47 medlemar, omtrent likt fordelt på kommersielle medlemar (bedrifter) og frivillige organisasjonar. I tillegg har Todalen.no nærare 200 støttemedlemar, som bidreg til kjærkomen inntekt for å drifte nettsida.  Eit støttemedlemaskap kostar kr 150 pr år, så dersom du vil være med og støtte vårt arbeid med formidling av lokalt nyheitsstoff så er du hjarteleg velkomen som støttemedlem.

Til slutt litt statistikk:

Statistikk2

I 2015 hadde Todalen.no besøk på nettsida frå 122 land – sjølvsagt var det flest frå Noreg med 399.000.

Statistikk2015

Jamn stigning i besøkstala – ein auke frå startåret 2009 på knappe 26.000 til 2015 da godt og vel 422.000 stakk innom!

ung fisker

«Ung fisker» – vinnarbiletet til Tor Hansen

Først publisert: 8. mars 2016, 22:58 - Sist oppdatert: 9. mars 2016, 15:44