Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med saltkjøtt og kålrabistappe

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mars 2016

Todalen sanitetsforening inviterte dei vaksne todalingane på middag i Sanitetshuset sist tysdag, der skanksuppe, saltkjøtt, pølser og kålrabistappe stod på menyen. Det var ein snev av forsinka feittysdag over menyen, og det sette gjestane tydeleg vis pris på, for det var over tretti til bords på 2 finpynta langbord i Sanitetens klubbhus på Kvennset.

KarenJohanne_7506

Ved grytene – Karen Johanne sjekkar om saltkjøttet er koka. Foto: JOØ

Jorunn Ørsal ønska velkomen, og fortalte at det var mange som har gjeve uttrykk for at dei sakna eldremiddagen.  – Dette blir ikkje noko erstatning for eldremiddagen, men det kan godt hende at det vi kjem til å invitere til liknande tilbud ein gong i blint, og da i regi av 100-åringen Todalen sanitetsforening.

JonBjarneHusby_7522

Kulturellt bidrag frå Jon Husby – Jostu – i storform. Foto: JOØ

Den kulturelle biten var det Jon Husby –  Jostu – som tok seg av. Han hadde med seg trekkspellet og framførste både eigne tekster og tonar.  Kan nemne «Jobusminner», både frå nyare og gammel tid og «Den første songen» som allsaong, før han runda av med «Kveld i Trollheimen» instrumentalt. Til slutt var det kaffe og kaker før ein runda av, kvar til sitt.

JorunN_JorunnOE_7507

Jorunn Ness og Jorunn Ørsal – Jorunn Ørsal fører manntalet. Foto. JOØ

AAseR_KarenJT_7501

Her blir det kålrabistappe – Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø. Foto: JOØ

Velkommen_7511

Over 30 gjestar på Sanitetsmiddagen. Foto: JOØ

Publikum2_7528

Gjestar på Sanitetsmiddagen – Jon Husby spela og song for eit lydhørt publikum. Foto: JOØ

JonHusby_HansG_7520

Jon Husby og Hans Gundersen – reknar med at saksofonen blir med neste gong. Det går iallfall rykter om at dei to har starta med øvingar igjen! Foto: JOØ

Gjester1_7512

To finpynta langbord med over tretti middagsgjestar i Sanitetshuset. Foto: JOØ

Publisert: 8. mars 2016, 18:09