Ny årstid på gang…
Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.
Vi fann 7205 artiklar i dette arkivet.
Fredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.
21 personar deltok på stavgangturen sist torsdag. Det var start på Mogstad, og kjentmann og turleiar på turen opp til Leikaren var petter Mogstad som nok er godt kjent i desse traktene.
Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor. Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet. Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve […]
I Romådalen er det lange tradisjonar for hjortjakt – Johan Halle skaut den første hjorten her straks før andre verdskrig – 10. september 1933 skedde det, fortel jaktdagboka til H&H som har Sverre Grønmyr som kjelde. Organisert jakt vart det først i 1954 iflg. den same jaktdagboka. Halle & Husby jaktlag driv no både hjortjakt og elgjakt i Romådalen, og hittil i år er fangsten vorte 3 elgar og 4 hjortar. Kristen Halle, som er jaktsjef på Halle & Husby jaktlag, har sendt oss nokre bilder frå jakta i år .
Måndag 17. oktober arrangerer Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte. Det skjer i klubbhuset på Vang skistadion og startar kl 19.30, melder styret.
4 rådyr beita så fredeleg som berre det rett innafor Øyabrua – ca 50-60 meter frå vegen i kveld. Dei stod berre å glana, og lurte på kva for tulling som prøvde å ta bilde no når det mesta var for mørkt. Dei har nok levd eit fredelag og ufarleg liv, og funne mykje god mat på ekrene i Hallagrenda i sommar.
Karen Johanne er forlengst i gang i gjen etter sommarferien. Bibliotekfilialen i Todalen er open kvar måndagskveld frå 18.00 – 20.00. Da vi stakk innom bibliotekfilialøen i kveld var Karen Johanne i full aktivitet med å sortere ut gamle bøker for å få på plass nye aktuelle titlar i hyllene. Med 3 timar kvar veke til rådigheit tek nok dette arbeidet litt tid, men alle bøkene skal få sin plass etter kvart, seier ho.
Det ble fullklaff og premiere for Signe Larsen som tok sin første hjort i dag, da ho sendte ein åttespiring til dei evige jaktmarker i Haukålia. Tross ung alder, så har ho lang fartstid som jagar på jaktlaget på sørsida. I år går ho med eiga børse, og søndag vart det altså premiere både for Signe og børsa.
Den 11. juni klarte ikkje Bøfjord å stille lag i ein 6.-divisjonskap mot Smøla, og det vart dei straffa for. Fotballforbundet staffa Bøfjord med ei bot på kr 6000 for det – søndag jobba dei inn bota med å montere fjøsinnreiing hos Olav Halle i Austistua.
Open dag på brannstasjonen er ein fin tradisjon i september kvart år. Laurdag opne brannlaget i Todalen dørene til brannstasjonen for både store og små, slik at alle som ville kunne kome og sjå kvar dei held til og sjå kva dei held på med. I år var fokusen sett på nattlading av telefonar og anna ustyr med oppladbart batteri. Lading av batteri er ei hyppig kjelde til brann, og er difor spesielt farleg om natta – når vi søv.
Torsdag kveld var Svanhild Husby innom Matkroken i Todalen for å promotere sin nye CD som nyleg vart lansert og lagt ut for sal. Dei fleste av tekstane og mykje av musikken har Svanhild produsert sjølv, men ho har også hatt god hjelp til både song og musikk på den nye CD’n. Lykkeland er i si […]
Arbeidsgruppa som skal lage ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv inviterer til folkemøte tysdag 27. september kl. 19. Der bør du vere om du er med i eit lag eller brenn for eit forsamlingshus som har planar om omfattande rehabiliteringsarbeid eller nyanlegg i dei komande fire åra. Om ikkje kan de vere ille ute; i alle fall om de ikkje er søkkrike og dermed ikkje treng spelemidlar og offentlege tilskott for å bygge.