Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fårikålens dag i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. september 2016

Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor.  Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet.

Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve Talgø som ståka på kjøkkenenet.  I tillegg til fårikål serverte dei fruktkompott til dessert og kaffe og kaker etterpå, og jammen fekk dei mange lovord frå gjestane – og det smaka berre fortreffeleg.

Saniteten var kanskje litt tidleg ute med fårikålens dag – den offisielle fårikåldagen er siste torsdagen i september og det er nok i morgon. Men såpass marginar må tålast.

 

Publisert: 28. september 2016, 18:00