Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdt å få med seg

Steinar Hasselø Fredag 23. september 2016

Arbeidsgruppa som skal lage ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv inviterer til folkemøte tysdag 27. september kl. 19. Der bør du vere om du er med i eit lag eller brenn for eit forsamlingshus som har planar om omfattande rehabiliteringsarbeid eller nyanlegg i dei komande fire åra. Om ikkje kan de vere ille ute; i alle fall om de ikkje er søkkrike og dermed ikkje treng spelemidlar og offentlege tilskott for å bygge.

Det er slik at ein må halde hovudet kaldt om ein har tenkt å søkje på slike midlar. Har de sett i gang utan å få anlegget godkjent i ei slik plan, er det ikkje muleg å lirke til dei statlege styresmaktene – da vil ein ikkje få ei krone frå overskotet til Norsk Tipping. Derfor er dette tida for å vere framsynt og tenkje ut kva som kan bli gjort om to, tre, fire eller enda fleire år fram i tid.

For det er ikkje småpengar som flyt frå Hamar, via kultureininga i kommunen og ut til nye anlegg i kommunane. I siste planperiode kom det inn vel 10 millionar kroner i slik støtte (av dette 2 mill. til friluftslivanlegg) til anlegg i Surnadal, og knappe 6 millionar til vil bli utbetalt på prosjekt som ligg inne og ventar «på tur». Kommunen har i tillegg betalt ut vel 2 millionar kroner i støtte til desse anlegga.

No blir det langt frå kasta pengar etter laga; det er krav om kva som kan få støtte og kor omfattande prosjektet må vere for i det heile å få noko som helst. Difor kan det uansett vere nyttig å møte tysdag 27. september kl. 19 i Kammerset på kulturhuset. Da vil du ikkje berre kunne bidra med innspel til denne planen, men også få vite meir om kva som krevs for å få og søkje på spelemidlar.

Historikk

Anlegg som har fått støtte dei siste åra: hestesportanlegg, motocrossløype, fotballanlegg, lager/smørebu, nærmiljøanlegg, skyteanlegg, ballbinge og turisthytter. Men sjølv om dette er mykjegodt idretts- og skyttarlag, friluftslivorganisasjonar eller det offentlege som har bygd ut, kan ordningane også vere aktuelle for grendalag eller velforeiningar som skal lage til eit større aktivitetsområde, eller forsamlingshus som må ty til ei stor rehabilitering som t.d. å skifte tak – for å nemne to andre eksempel.

Først publisert: 23. september 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 22. september 2016, 17:55