Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lykkeland på CD…

Jon Olav Ørsal Fredag 23. september 2016

Torsdag kveld var Svanhild Husby innom Matkroken i Todalen for å promotere sin nye CD som nyleg vart lansert og lagt ut for sal. Dei fleste av tekstane og mykje av musikken har Svanhild produsert sjølv, men ho har også hatt god hjelp til både song og musikk på den nye CD’n.

lykkeland_coverfoto

Slik ser coveret ut på den nye CD’n Lykkeland – det er laga av Rolf Paulsen

Lykkeland er i si heilhet er produsert hos DreamFarm studio i Surnadal og med Frank «Spoon» Botten ved spakene. Det har vorte eit produkt som dei kan være stolte av både teknisk og musikalsk – tilsammen er det 13 melodiar på CD’n Lykkeland – eit produkt vi trygt kan anbefale.  Til sals på Matkroken Todalen og mange andre plassar for eit par hundrelappar.

Publisert: 23. september 2016, 20:28